Gry Skarstein og Tom Stiansen på premierefesten for 71 grader nord søndag. I kveld vert 34-åringen frå Nore Neset å sjå på TV i første episode av det populære Norge på langs-programmet.
Gry Skarstein og Tom Stiansen på premierefesten for 71 grader nord søndag. I kveld vert 34-åringen frå Nore Neset å sjå på TV i første episode av det populære Norge på langs-programmet.

I kveld startar Grys 71 grader nord-eventyr på TV

I går kveld var ho på premierefest i Oslo. I kveld ser Gry Skarstein seg sjølv på TV i lag med familie og vener.

Tre-fire månader etter dei sist såg kvarandre møtte Gry Skarstein resten av årets 71 grader Nord-deltakarar på premierefest i Oslo søndag kveld.

Les også:Ein siger berre å få delta

Artikkelen held fram under annonsen.

Gjensynet var svært så gledeleg.

- Det var heilt fantastisk å sjå dei andre deltakarane igjen. Dessutan var det vittig å sjå kvarandre i litt andre omgjevnadar. «Å er det slik du eigentleg ser ut», skjemta me med kvarandre, fortel Gry.

Jubel og fest

Gjengen frå årets 71 grader nord møttest på Smelteverket i Mathallen i Oslo. Her åt dei tapas og såg den første episoden i lag.

Gry Skarstein i lag med resten av dei andre deltakarane i årets 71 grader Nord.
Gry Skarstein i lag med resten av dei andre deltakarane i årets 71 grader Nord.

- Det var full jubel og klapping heile vegen. Utruleg moro, men eg gler meg til å sjå episoden om igjen i kveld, for eg fekk ikkje alt med meg, vedgår Gry.

Programmet varer i halvannan time.

- Det blir jo slik når 12 deltakarar ser den første episoden i lag. Me hadde jo alle ein kommentar eller to undervegs. I kveld skal eg prøva å få med meg meir av det som blir sagt også, ler Gry.

Litt snurt

I første episode viser det seg at det ikkje berre vert 12 deltakarar i årets program.

- Eg kan ikkje røpa alt, men me vert ein ekstra, seier Gry.

Artikkelen held fram under annonsen.

På festen på søndag var dei likevel berre 12 stykke, samt fleire frå produksjonsselskapet og programleiar Tom Stiansen.

- Eg lova ein elev på Os ungdomsskule at eg skulle ta ein ny selfie med Tom Stiansen. Eg håpar han blir nøgd med det, fortel Gry om biletet som Os og Fusaposten har fått lov til å nytta.

Ho vedgår elles at det blant deltakarane var ein del som lett humoristisk følte seg litt snurt etter å ha sett første episode.

- F.., me sleit i ti timar på den turen, så er det alt som kjem med. Det verkar jo som det var ein tur i parken, var ein av kommentarane Gry overhøyrde.

- Me skjønar jo at programskaparane må klippa godt ned, men for oss som var med heile vegen, blei det litt sånn: Åh, alt det blodslitet, så var det alt som vart vist, ler Gry.

Mange lukkeønskingar

Etter at Os og Fusaposten skreiv om at 34-åringen frå Nore Neset skulle vera med i den store Noreg på langs-konkurransen har lukkeønskingane strøymd på til ungdomsskule-læraren.

- Det har vore overveldande. Både over sosiale medium og i kvardagen har eg fått utruleg mange hyggjelege tilbakemeldingar. Folk synest eg er tøff som har delteke, og seier at dei vil heia på meg. Det er klart det er morosamt å høyra, seier Gry.