annonse

Vitskap frå drivisen 100 år etter Nansen

: Til vanleg kan ekspedisjonar med isbrytarar berre koma gjennom isen i sommarhalvåret. Men Kristoffersen og Tholfsen nytta ein "alt i eitt"-luftputebåt som ein israelsk kollega hadde oppdaga og kjøpt inn.
: Innvendig i båten.
: Ekspedisjonsdeltakarane.
: Reiseruta.

Det er sikkert ikkje noka ulempe å veksa opp i ei lita bygd i barske Finnmark dersom ein seinare i livet skal gje seg i kast med arktiske utfordringar.

Professor Yngve Kristoffersen innleia foredraget sitt i senioruniversitetet med å fortelja om bakgrunnen sin: Ei bygd med 150 menneske ved Altafjorden, skulegang i 2-delt skule med veksel mellom to veker skule og to veker fri og skepsis hos sambygdingar over universitetsstudiane hans; "Kan dei nyttast til noko?".

Kristoffersen må nok gjennom oppveksten ha fått med seg både praktisk og teoretisk læring. Det fekk vi mange tydelege prov på då han fortalde om korleis mange kinkige situasjonar under forskingsarbeidet i polarisen vart løyste.

Ein pioner

Gjennom foredraget fekk vi følgja Kristoffersen - ein pioner innan maringeologi - og kollega Audun Tholfsen på deira eitt år lange ekspedisjon i drivisen ved Nordpolen og sørover mot Grønland.

Til vanleg kan ekspedisjonar med isbrytarar berre koma gjennom isen i sommarhalvåret. Men Kristoffersen og Tholfsen nytta ein "alt i eitt"-luftputebåt som ein israelsk kollega hadde oppdaga og kjøpt inn. Det tok seks år å utvikla båten med rom til dei ulike naudsynte funksjonane for den eitt år lange forskingsreisa. I tillegg måtte dei planleggja undersøkingane, syta for utvikling av utstyr som t.d. ei hydraulisk borepumpe og kameraslede laga av ein vasstank. Og dei måtte sikra avtalar om redningsplan.

Forskingsferd

I august 2014 starta forskingsferda. Dei hadde fått ein avtale med tyske forskarar som hadde ein isbrytar som bana veg til staden der ekspedisjonen slo den første leiren. Etter at dei var framme, var dei åleine inne i polisen, på ei isflate med mange ryggar.

Der dei vart sette av, var isen berre halvparten så tjukk som dei hadde rekna med. Men dei tok sjansen og bygde "hangar" rundt båten og sette opp fleire telt som depot for ulikt utstyr. Det blei ikkje berre med denne basen. Fire gonger måtte dei bryta opp og byggja leir på ny stad. Dei fekk til fulle oppleva at isen "lever". Snøstorm tyngde ned hangar og båt, slik at det kom over halvmeteren overvatn på isen, og både båt, utstyr og matlager måtte reddast ut or vatnet for ikkje å frysa fast!

Andre gonger var det isplatene som dreiv frå kvarandre. Utfordringa var ikkje råka som då oppstod, men å rekkja å flytta leiren før isen lukka seg att. Då var det berre å jobba beinhardt ut frå parolen: Jobb når det trengst - sov når du kan!

Polarmørket senka seg

I sommarlyset var det ikkje så vanskeleg å få oversyn over problemsituasjonar, verre var det når polarmørkret frå oktober senka seg over isflata! Då høyrde dei rabalder frå is som flytta på seg før dei fekk oversyn over alt som var blitt slengt utover.

Iblant rauk òg utstyr. Då var det godt med stor kreativitet, enten det galdt å utvikla taljesystem eller finna ut korleis ein kunne få tømd kondens ut or delar av fartyet! Og glavamatter over kabinen sytte for at temperaturen inne var på over 20 grader, trass i at han i store delar av vinteren var lågare enn minus 40 grader ute!

Spor av krokodillar

Kva fekk ein mann på 73 år til å reisa ut på ei slik krevjande reise - saman med ein som var over 30 år yngre? Å vera nyfiken er nok ein eigenskap som trengst hos ein vitskapsmann - og denne eigenskapen forsvinn vel ikkje med alderen? Kristoffersen er eit prov på det.

Han hadde åra før planlegging av ekspedisjonen tatt til å kika på resultat frå 50-70 millionar år gamle prøver tekne opp frå øyer nord for Grønland. I nokre prøver hadde ein funne restar av varmekjære treslag, i andre spor av krokodillar!

Israelske forskarar hadde samla inn data som tyda på nedslag av meteor i området. Det var ønskeleg med boring for å få opp sediment og studera området nærare. Dei opphavlege forskingsplanane var geologien sett ut frå havbotn som dei gjennom ekspedisjonen studerte både ved seismikk, boring og botnkamera.

Men forskingsfeltet vart utvida til andre område. Studium av atmosfæren var eitt av dei. Her gjorde dei verobservasjonar og studerte stråling. Havvatnet vart og granska; saltinnhald, temperaturar, djupn, hav -og varmestraumar.

Filmopptak frå 2600 m

I området der dei heldt seg, kryssa dei mange gonger ein undersjøisk fjellrygg med høgdeforskjell på 3000 meter. Kring fjellryggen er det grunna desse botntilhøva umogeleg å nytta isbrytar, slik at tidlegare målingar berre kunne takast gjennom delar av året. No fekk dei målingar gjennom eit heilt år. Dei lukkast og med å ta filmopptak av havbotn ned til 2600 m djup.

Erfaringar dei gjorde med bruk av luftputefarty, var i seg sjølv eit studium. Det var òg logistikken rundt bygging, riving, flytting og oppattbygging av leirane. Summa summarum så vart ekspedisjonen som varde i frå august 2014 til august 2015 eit stort, tverrfagleg forskingsprosjekt. Det var heller ikkje vanskeleg å halda kontakten med omverda - m.a. kollegaer. Moderne kommunikasjon set få grenser. Kristoffersen hevda at kontakten med andre fungerte like godt som heime.

Resultat av året i isaudet

Dei reint vitskaplege resultata fekk vi ikkje vita så mykje om, anna enn at dei vert publiserte og delte. Men sjølve måten ekspedisjonen var gjennomført på, med luftputebåt, var banebrytande og framtidsretta. Luftputebåt synte seg m.a. å vera svært økonomisk og miljøvenleg i høve til å nytta isbrytar.

Det vart sagt at den siste treng 60 tonn drivstoff kvar dag, medan same mengd drivstoff kan halda ein luftputebåt i drift i fire år. Mobiliteten er òg langt større enn ved bruk av isbrytar som forskingsstasjon. Men til no har ingen gripe fatt i å nytta båten vidare.

Etter Kristoffersen si meining ligg det ein del utfordringar i det akademiske systemet før noko kan skje. No ligg berre båten i Longyearbyen og ventar.

Lill-Karin Wallem

Os Senioruniversitet

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på osogfusa.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.