Etter eit krevjande arbeidsår, slappar Hans Martin Austestad av heime i Fusa. - Eg har skjøna kvifor folk har helg, seier musikaren. Far Geir Austestad til venstre.
Etter eit krevjande arbeidsår, slappar Hans Martin Austestad av heime i Fusa. - Eg har skjøna kvifor folk har helg, seier musikaren. Far Geir Austestad til venstre.

Austestad på ferie

Det er vel få fusingar som har gitt meir lyd frå seg denne sommaren enn Hans Martin Austestad med låta «Slag for slag» på radioen.

Det er ein sein og døsig sommarettermiddag, der berre det å stava "sommarettermiddag" verkar som ei uoverkommeleg oppgåve.

- Men her er det ingen halte høns, seier far Geir Austestad som serverer kaffi på terrassen. Og med det meiner han at alt er på stell. Hans Martin har spikra nye mønepanner på taket og slege nokre lykkjer med plenklipparen. Fjelltur og makrellfiske er det også blitt tid til på oslobuen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg trur til og med det var ein «kuvl» eg fekk, seier artisten som kjem dinglande med kaffikoppen.

- Altså pir, kuvl, makrell.

- Som mort, pale og sei? spør han far.

- Korleis passar dasspala inn i denne samanhengen då, spør me for å gjera samtalen litt meir åndfull.

- Det er ei pale som er brun og er teke lengst inne i fjorden, forklarar musikaren og verkar lettare oppgitt.

Kaffi og terrasse

Det har vore eit intensivt år for gitaristen. Med Rikskonsertane har han farta rundt på skular over store delar av landet, saman med ein tubaist og ein trommis, og med gruppa Lucky 4.

- I Finnmark var me over heile fylket og køyrde 1300 km på åtte dagar, fortel han.

Med plateinnspeling, konsertar, radio, samtidsdansfestival og ny plate byrja det rett og slett å gå litt i surr om kva han skulle fokusera på, men i løpet av vinterferien fekk han samla trådane.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg har endeleg forstått kvifor folk har helg. Så no har eg hatt ein veldig roleg sommar. Det har blitt mykje kaffi og terrasse, fortel musikaren.

Arbeid

Med radiospeling på P1 10 gonger i veka, tikkar det jamt og trutt inn royalties på kontoen til den nøysame musikaren. Men dei tider då ein kunne spela in ei plate og så lena seg tilbake og leva av millionane er forbi.

- Det er singlane sin tidsalder. Vil ein tena pengar handlar det om det det alltid har gjort - godt, gammaldags arbeid. Ein stiller opp ein plass og gjer ein jobb.

Arrangeringskurs

Siste konsert i heimbygda var i Eikelandsfjorden samfunnshus i mars.

- Eg var litt redd for at det skulle kollidera med påskepuben. Men alt kolliderer jo med påskepuben her i bygda, seier han.

Austestad var glad for oppmøtet, og kjem gjerne att. Som andre unge musikarar skulle han ønskja seg fleire mogelegheiter til å utøva yrket sitt.

- Det er mange eldsjeler som ønskjer å arrangera konsertar og liknande, men manglar erfaring og då blir det vanskeleg. Konsertarrangering burde det vore kursa i på kulturskulane, og vaksne skulle også fått stilla på kurs om dei var interesserte, meiner Austestad.

Bandet "Earlybird Stringband" er lagt litt på hylla, no er det «Austestad»-prosjektet som tek mest tid. I den nye musikken er det plass til trommer og el-gitar.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Dette blir musikk som kan brukast i fleire samanhengar. Brått er det nødvendig å spela i eit lokale med plass for 40 personar, ein annan gong er det ein gymsal med 400. Målet er at me kan justera opplegget og repertoaret etter settinga.

Trynefaktoren

Hans Martin fortel at han også har rukke å leggja ut ein bunke plater på matbutikkane i bygda. Ein får håpa at folk tek med seg ei skive med godlåt i handleposane sine.

Så let me humla susa ei stund, og ramlar heilt ut av intervjuet.

- Og elles då...?

- Nei, elles så har eg blitt forlova då.

Ho heiter Ida Wigdel og driv med samtidsdans. Saman har dei laga ei framsyning som heiter «Trynet ditt» og eit par musikkvideoar utom det vanlege på YouTube.

- I underholdningsbransjen handlar mykje om trynefaktor, trynet blir eit varemerke, og det er jo noko ein kan tulla litt med, seier Hans Martin.

Sommartips

Av musikalske sommartips nemner Austestad siste plata til Beck (som han vann Grammy for), Father John Misty som skal spela på Øya-festivalen, Paul McCartney si Wings-plate «At the Speed of Sound», Blake Mills' «Heigh Ho» og musikarkompis Mattis Myrlands plate «Imperial Splendor». Elles har det blitt ein del lesing av forfattarar som Alice Munroe, Jon Fosse og Bjarte Breiteig.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Og så Ragnar Hovland då, men det er vel litt "opplest og vedtatt".

Fleire stemmer

Før han kom heim til Fusa, var han på Leirvik og spelte saman med sambygding Ole Gunnar Eikeland for Reiseradioen. Og snart er det ut igjen. Kurs for avgangselevane på teaterlinja ved Kunsthøgskolen i Oslo, deltaking på Beat for Beat og fleire rikskonsertar.

Elles meiner han folk i desse tider er blitt meir politisk engasjerte, folk går meir i tog. Om det blir politiske tekstar frå Austestad si hand kan han ikkje garantera, men inspirerande er det i alle høve. Kva samfunn me har er alle sitt ansvar.

- Eg har alltid vore av den oppfatninga at om ein vil koma seg ut av skiten, så må ein stemma på dei som er i han, seier Austestad.

Innspeling av ny plate skal etter planen gå føre seg mai-juli neste år.