Akvasafe AS er kommunens samarbeidspartnar i prøveprosjektet med å testa ein modell av bølgjebrytaren.
Akvasafe AS er kommunens samarbeidspartnar i prøveprosjektet med å testa ein modell av bølgjebrytaren.

Bølgjebrytartest i Spania

Modellen av bølgjebrytaren som skal stoppa bølgjene ved inngangsporten til Os hamn, får no køyrt seg i eit spansk test-laboratorium.

Os kommune held på med uttesting av prototypen tildei fire bølgjebrytarane til Os hamn. Vona er at desse flytande røyr-konstruksjonane i stål skal stoppa bølgjene, slik at det vert smult farvatn i den indre delen av hamnebassenget.

- Dette biletet frå testtanken i Spania syner bassenget der modellen av prototypen (1/8-del av den reelle bølgjebrytaren) vert utsett for vind og bølgjer, seier ordførar Terje Søviknes.

Artikkelen held fram under annonsen.

Får viktig tilbakemdling 28. februar

Den 28. februar får kommunen tilbakemelding på om modellen virkar godt nok basert på dei vêrdata ein har frå bjørnefjordsbassenget.

- Dersom me lukkast, og får gode resultat, er den første tenkt sett i bestilling i vår med opsjon på tre til. I så fall vert den første montert i Os hamn i haust, seier Søviknes.

I løpet av neste vinter vil prototypen få prøvt seg mot dei verkelege kreftene i Bjørnefjorden.

Testbassenget sett frå fugleperspektiv
Testbassenget sett frå fugleperspektiv

- Dersom det blir bra, legg me ut dei tre neste deretter,