Varaordførar Laila Reiertsen tykkjer ikkje Ap skal prøva og ta æra for regjeringas politikk.
Varaordførar Laila Reiertsen tykkjer ikkje Ap skal prøva og ta æra for regjeringas politikk.

Ingen snuoperasjon, men vi jublar!

Os Arbeidarparti jublar over at Frp har snudd i saka om kjøken på Lurane. Alltid kjekt når politiske motstandarar jublar over vår og regjeringas politikk. For det er nett det som er fakta.

Det er ingen somhar snudd når det gjelder budsjettvedtaket for Os kommune 2018 frå FrP/H og V la det væra sagt.

Budsjettvedtaket vårt blei gjort i desember 2017. I januar i år kom det ein ny regjeringsplattform. «Jeløya – avtalen». Der det blant anna står at ein ønskjer å etablera ei tilskotsordning til kjøken i sjukeheimar. Dette jublar vi over fordi ein her har fått inn politikk som Frp/H og V i samarbeid meiner er viktig for eldreomsorga. Reforma «leve heile livet» skal ha romma mykje, også mat og matomsorg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tida vil visa kva kriterium ein legg til grunn for å søkja om eventuelle tilskot. Er det til nybygg eller drift eller begge delar? Og viser det seg at dette er ei god ordning for oss? ... Så er det sjølvklart at Os er med og søkjer. Det reknar eg med at Ap og vil støtta. Kan ein få gode tilskotsordningar frå staten til liks med andre tilskotsordningar me har hatt god nytte av innan eldreomsorga, vil det vera for dumt å stå utanfor.

Samstundes er det viktig å påpeika at eg har den største tillit til alle som arbeider innan eldreomsorga på Luranetunet at dei gjer sitt beste for at matomsorga har vore, og blir tatt hand om på den beste måten for våre eldre. Ein må ikkje tru at når ein har eit storkjøken på plass, så gjer alt seg sjølv. Det er mykje i og rundt som må handterast. Dessutan har vi løpande avtalar på levering av mat som gjelder enno ei stund.

Ein rekk ikkje langt med dei 100.000 Ap sette av i sitt budsjett for 2018. Her skulle det berre greiast ut kva det vil kosta. Ikkje midlar til at det skulle etablerast. Verken i år eller i kommande økonomiplanperiode. Så dei som trur at Ap hadde eit gryteklart kjøken raskt på plass, vert nok skuffa.

Det er mykje som har endra seg dei siste åra når det gjeld matomsorga. Ikkje berre ernæringsbehova, men også omsorga i og kring eit måltid. Det å ha ein god oppleving rundt eit måltid er vel så viktig som det som vert servert. Og ikkje minst er det eit større fokus på sjukdommar, der riktig mat kan vera både helsemessig bra men også helsemessig dårleg. Difor er det like viktig at riktig kompetanse er tilslutta eit slikt kjøken og rundt på avdelingane på Luranetunet. Og til andre som skal nytta denne tenesta. Det at ein no kanskje og får mogelegheit i å tenkja nytt innan storkjøken og mat på Lurane vil me i Frp ha eit ope sinn til. Det å tenkja nytt saman med dei som er ekspertar på området, er særs viktig.

Uansett må me no venta å sjå kva tilskotsordninga inneheld. Og om det er noko for Os kommune å søkja på.

Laila Reiertsen

Os FrP