Er politikarane i posisjonen meir opptekne av lojalitet til eige parti enn av kva som er best for innbyggjarane og bygda dei er sette til å forvalte, spør Nils-Anders Nøttseter.
Er politikarane i posisjonen meir opptekne av lojalitet til eige parti enn av kva som er best for innbyggjarane og bygda dei er sette til å forvalte, spør Nils-Anders Nøttseter.

Javel, herr statsråd

Samferdsleminister Solvik-Olsen har vore i Os, og fullstendig forkasta ordførar Bruarøy sin påstand om at det er for seint å endra kurs for Hordfast. Solvik-Olsen gjorde det nemleg klinkande klart at det er heilt opp til veljarane i dette stortingsvalet om det vert bru til Øyane, skriv MDG.

Os Høgre har i fleire år vorte drivne frå skanse til skanse i brusaka. Det vedvarande narrativet frå posisjonen har vore at dette med trasé ikkje var noko Os kommune kunne, eller ønskte, å påverka. Det toppa seg i januar då kommunen skulle levere høyringsuttale til statleg kommunedelplan Stord-Os. Med rekordstort publikum slo Frp/H samstemd fast at kommunestyret ikkje var eit forum der ein kunne diskutere om ein var for eller mot bru.

Nokre veker seinare nytta fylkesutvalet i Hordaland same høyringshøve til å gjera nett det posisjonen hevda var umogeleg - nemleg å be om ei ny vurdering av indre trasé.

Artikkelen held fram under annonsen.

På idémyldringsmøtet med Statens Vegvesen i mai uttala Signe Eikenes frå Statens Vegvesen dette til Os og Fusaposten: “det er ikkje oss i Statens vegvesen motstandarane då må overtyda, men sentrale politikarar.”

Så kan ein spørje seg sjølv: Er politikarane i posisjonen meir opptekne av lojalitet til eige parti enn av kva som er best for innbyggjarane og bygda dei er sette til å forvalte?

Kva har eigentleg Høgre i Os gjort for å overtyda meir sentrale politikarar?

I MDG har vi jobba på alle nivå i organisasjonen og sett på korleis landet kan knyttast saman på ein meir framtidsretta, effektiv og heilskapleg måte; vi meiner dei store pengane innan samferdsle må brukast på lyntog.

Då får ein gods over på bane, noko som reduserer trafikken og betrar tryggleiken. Det gjev raskare og meir behageleg persontransport og samstundes reduserer det klimagassutslepp frå gods- og flytransport, og det reduserer utslepp av mikroplast til havet. For oss er det dessutan mykje viktigare å utbetra farlege og rasutsette fylkesvegar enn å kasta alle pengane etter ein stor og unødvendig bauta over Bjørnafjorden. Dette vil dessutan knytta indre delar av Hordaland betre saman med «gullkysten».

Samferdsleministeren vil ha arbeidsmarknad frå Bergen til Stavanger og mangedobla biltrafikken. Nei, vi vil ikkje pendle meir. Nei, ingen vil ha meir trafikk på Danmarksplass eller gjennom Osbygda. Nei takk, vi vil gjerne behalda skjergarden som han er. Det er for dyrt. Og folk døyr på veg til Voss.

Uavhengig av kva ordføraren og resten av posisjonen gjer eller ikkje gjer, så kan alle vi andre la stemmene våre bli høyrde i brusaka. La oss ta samferdsleministeren på ordet og stemme på nokon andre enn Frp og Høgre dei næraste åra!

Knut Børgesen

Nils-Anders Nøttseter

Artikkelen held fram under annonsen.

Stortingskandidatar for

Miljøpartiet Dei Grøne