annonse

Lesarinnlegg: Gje eit liv med vatn!

Må gå 12 kilometer
Må gå 12 kilometer: Gutar som drikk vatn i landsbyen Baarweyn i Puntland utenfor Garowe, Somalia. Gutane er mellom 6 og 10 år, og går 12 kilometer for å hente 3 liter vann. Her har Kirkens Nødhjelp nett kome med vatn i tankbil. (Foto: Kirkens Nødhjelp)

For mange er klimaendringane allereie ein realitet som har alvorlege konsekvensar. Tørke og flaum øydelegg livsgrunnlaget til folk og tvingar stadig fleire på flukt.

Reint vatn forandrar liv. Over heile landet gjer kyrkjelydane seg klare til å forandre verda, eitt liv om gongen. Det gjer vi gjennom å samle inn pengar til Kirkens Nødhjelps Fasteaksjon, 7. – 9. april.

For mange er klimaendringane allereie ein realitet som har alvorlege konsekvensar. Tørke og flaum øydelegg livsgrunnlaget til folk og tvingar stadig fleire på flukt. I slike situasjonar er ofte tilgang til reint vatn eit stort problem. Fasteaksjonen handlar i år om å gje reint vatn til menneske som kjenner på kroppen at klimaet er i endring.

Ein av dei som dagleg ser konsekvensane av klimaendringane er Naji, som jobbar for Kirkens Nødhjelp i ein leir for internt fordrivne i Somalia. Dei fire siste åra har det ikkje regna der. Tørka har gått særleg hardt ut over nomadebefolkninga, som er avhengige av dyra sine. Men dyra har svelte i hel og menneska har blitt tvungne på flukt. No er denne leiren den einaste staden dei kan vere.

Avhengige av humanitær hjelp

Dei som bur i leiren der Naji jobbar, finn ikkje arbeid, og er avhengige av humanitær hjelp frå organisasjonar som Kirkens Nødhjelp. Med støtta frå norske gjevarar, har Kirkens Nødhjelp bora brønnar som gjev reint vatn til omlag 25.000 menneskje der.

Det er pengane frå Fasteaksjonen som gjer det mogleg å sørgje for reint vatn i leirane. Det er heilt avgjerande for å unngå vassborne sjukdomar som kolera – og for at folk i det heile tatt skal kunne overleve under dei svært krevjande tilhøva.

Lokalt engasjement

Kyrkjelydane over heile landet er i gong med førebuingane til årets fasteaksjon.

Titusenar av bøsseberarar skal banke på dører for å samle inn pengar til Kirkens Nødhjelp sitt arbeid over heile verda. Både konfirmantane og frivillige brukar fastetida til å hjelpe dei som treng det mest.

Det er alle sitt ansvar å finne løysingane på klimakrisa, og å hjelpe dei som vert ramma. I tillegg skal det svært lite til (ca. 200 kroner) for å gje eit menneskje varig tilgang til reint vatn. Vi håpar at så mange som mogleg vil gje, når vi kjem på døra med bøssene våre.

Sjå annonse i avisa for meir info.

Os sokn og Fusa sokn


Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på osogfusa.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Os & Fusaposten?

* må fyllast ut