Fjellheim - korleis kan bygget erstattast?

Kva er det dei driv med - og kven er dei - desse kreftene som "på død og liv" skal ha Fjellheim vekk, spør Ingun Meiler.

LESARBREV: Det var igjen underleg å lesa i avisa at ein ny gymsal ved ungdomsskulen på Os - som ikkje er stor nok i seg sjølv til det den er tiltenkt - skal få eit rom med ein scene - som skal erstatta Fjellheim! Kven kan tru at det går?

Ein lurer då på kva det er - og kven det er - som driver desse kreftene som "på død og liv" skal ha Fjellheim vekk? At namnet Fjellheim i det heile sto på trykk i avisa er jo fantastisk - det har i lang tid vore eit "ikkje-nevn-det" i ordlyden frå kommuneleiinga!

Artikkelen held fram under annonsen.

Er det ingen i leiinga av kommunen som tenkjer kultur - og ikkje minst det å ta vare på kulturbygg? Her hadde vi rekna med at i alle fall at kulturkontoret hadde vore meir frampå! Er det berre avdeling for utbygging som tel i Os kommune? Det å riva ein bygning som har kultur-historisk verdi vitnar om - ja, unnskyld - ukunne! Her har mange med kunnskap om kulturhistoriske bygningar uttala seg - men - likevel - det går ikkje inn hjå kommuneleiinga, og då peikar eg særskild på kulturleiinga! Ein må her spørja seg: Kva er det som gjeld i Os kommune? Ikkje det å ta vare på kulturen verkar det som - når ein går inn for at eit kulturhistorisk hus som Fjellheim skal rivast!

Vidare er det svært arrogant av kommuneleiinga ikkje å ta omsyn til dei omlag 4.000 osingane som skreiv under på oppropet frå «Foreningen Bevar Fjellheim» - betyr det ingenting kva så mange meiner?

Men det som er like ille er at huset som med rimeleg små midlar kan fiksast og opnast for alle dei som treng ein betre stad til deira aktivitetar - ikkje kan takast i bruk. Til dømes for dei som no har sine arrangement i nedlagde butikklokale og klasserom der dei må rydda bort pultane før dei kan starta øvingar. Eller ungdoms-klubben som treng ein plass - og mange fleire. Vi har jo Fjellheim - "det unemnelege huset".

Og som vi alle veit: Os-bygda veks i innbyggartal - og meir blir det når nyevegen til by'n kjem.

Fjellheim trengst som det allbruks-huset det er. Det står der og er nesten klar til bruk!

At ein må bruke Fjellheim-tomta til husbygging er ganske utruleg - det finst mange betre tomter i Os til det. Det er inga god tomt for husbygging (sola forsvinn rundt kl. 12) - men for eit samlingshus, er det ei ypparleg og sentral tomt!

I tillegg er Fjellheim ein stor del av Os-identiteten vår.

Nei, alt dette er så utruleg at ein kan neste ikkje tru det er sant!

Artikkelen held fram under annonsen.

Ingun Meiler

Lepsøy

Oppvaksen i Os krins.