Odin Hjelm Sørstrønen (15) er glad for å vera noregs sjette beste roar i 2000-kullet. Her står han saman med Rolf Hustad frå Os Roklubb.
Odin Hjelm Sørstrønen (15) er glad for å vera noregs sjette beste roar i 2000-kullet. Her står han saman med Rolf Hustad frå Os Roklubb.

Gjekk for årets første gull

Odin Hjelm Sørstrønen (15) hadde ambisjonar om gull i ungdomsmeisterskapen på Ulvenvatnet i helga. Det klarte han ikkje, men han er likevel nøgd med resultatet.

Tidlegare i år har ikkje resultata vore heilt på topp for den unge roaren.

- Eg har bra styrke, men slit litt med teknikken, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

«Os og Fusaposten» snakka med Sørstrønen då me vitja Ulvenregattaen med nasjonalt ungdomsmeisterskap laurdag. Sørstrønen hadde då gått direkte til semifinale etter kvalifiseringa.

Han tok seg vidare til A-finalen, der han kom på sjetteplass.

- Det vart ikkje gull, men eg er godt nøgd med å vera den sjette beste roaren i landet i 2000-kullet, seier Sørstrønen.

Arne Hadler-Olsen (19) reiser snart til USA for å gå på skule i eitt år. Han rodde inn til to sigrar i Ulvenregattaen i helga.
Arne Hadler-Olsen (19) reiser snart til USA for å gå på skule i eitt år. Han rodde inn til to sigrar i Ulvenregattaen i helga.

Fast innslag

Kvart år på denne tida, vert det arrangert Ulvenregatta med Ungdomsmeisterskap på Ulvenvatnet.

- Ungdomsmeisterskapen er for dei yngste roarane til og med 16 år, slik at dei har eit nasjonalt meisterskap å prøva seg i, seier Rolf Hustad frå Os Roklubb.

Det er mange år sidan ungdomsmeisterskapen blei eit fast innslag på Ulvenregattaen, utan at Hustad i farten hugsar nøyaktig kva tid det skjedde. Arrangementet samlar roarar frå store delar av landet, og heile tolv klubbar deltok i årets meisterskap.

To sigrar i treningsøkta

Arne Hadler-Olsen (19), som snart reiser til USA for å gå på skule i eitt år, var heime på ferie og tok del i Ulvenregattaen i helga.

- Eg tek det som ei treiningsøkt, men det blir fort alvor når me kjem på vatnet, sa Hadler-Olsen før han skulle ro laurdag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det gjorde det nok også, for landslagsroaren fekk med seg to sigrar frå regattaen.

Her finn duøvrige resultat frå helga.