Laila Helen Smedsvik har jobba seg opp og fått ein stor kundeskare på kaien på Venjaneset.
Laila Helen Smedsvik har jobba seg opp og fått ein stor kundeskare på kaien på Venjaneset.

Krona kro-suksess med nytt privathus

Etter økonomisk oppsving og fire suksessrike år på Venjaneset fekk Laila Helene Smedsvig råd til å byggja seg nytt hus i Eikelandsosen.

Kenneth Svenningsen

kenneth.svenningsen@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

- Hard innsats bruker å betala seg. Då eg overtok kroa her på Venjaneset i 2013, hadde eg som mål å stå såpass på at eg fekk råd til å byggja meg eit nytt privathus innan fem år. No fire år etter, er familien vel etablert i vår splitter nye einebustad i Stallabrotet i Eikelandsosen, smiler eigaren av Lailas kro & kafé.

Siddisen som vart fusing

Ho skulle eigentleg til USA, men enda i Fusa. Året er 1984 og Laila Helene Smedsvig er 16 år.

- Eg var ung og eventyrlysten og ville til Amerika. Då foreldra mine meinte eg var for ung for det store utland, vart det med ein tur til ein familiemedlem som dreiv med fiskeoppdrett og gard i Fusa. Etter eitt år hadde eg funne kar og var klar for å bli sambuar, oppsummerer Laila.

Er det éin ting som Laila prioriterer høgt, så er det reinhald og god hygiene. - Eg fekk smilefjes på rekordtid då Mattilsynet var innom, smiler 53-åringen nøgd.
Er det éin ting som Laila prioriterer høgt, så er det reinhald og god hygiene. - Eg fekk smilefjes på rekordtid då Mattilsynet var innom, smiler 53-åringen nøgd.
Per dags dato har Laila ingen andre tilsette. Men kro-eigaren klagar ikkje sin naud. Ho trivst svært godt på jobben sin på Venjaneset.
Per dags dato har Laila ingen andre tilsette. Men kro-eigaren klagar ikkje sin naud. Ho trivst svært godt på jobben sin på Venjaneset.

Forholdet varte til slutten av 1980-talet. Innan den tid hadde den unge siddis-jenta sett ein son til verda.

- Eg prøvde å flytta heim igjen til Stavanger, men det var ikkje noko for meg. Eg sakna stilla og roa i Fusa. Dessutan hadde eg alt den gongen fått meg eit breitt og godt nettverk i bygda, fortel ho.

Dermed gjekk det ikkje lange tida før Laila flytta tilbake til Fusa. Sidan har ho budd her.

- Eg liker meg veldig godt her. Det er ein fin plass for born å veksa opp, seier 49-åringen som i dag har to born - ein vaksen gut og ei 12 år gamal jente.

Pangstart

Då Laila overtok kroa på Venjaneset våren 2013, hadde dørene vore stengde i nesten to år. Då ho opna opp igjen på seinsommaren fekk ho ein pangstart.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det var tydeleg at tilbodet var etterlengta. Me hadde også nytta sommaren til å pussa opp og måla bygget kvitt og fekk mange hyggjelege meldingar på jobben me hadde gjort.

Laila bruker stadig omgrepet "me", sjølv om det i praksis berre er ho som har stått for oppgraderinga og den vidare drifta av kroa.

- Eg har ein sambuar som har vore med og teke eit tak på litt småting, men i den daglege drifta er eg den einaste tilsette.

Ho har prøvd seg med deltidstilsette innimellom, men finn i det lange løpet det tryggast å gjera alt sjølv.

- Eg er ein perfeksjonist og vil ha alt gjort skikkeleg. Dessutan er eg ein liten arbeidsnarkoman. Eg elskar å jobba her og er veldig oppteken av at alt skal vera så bra som mogleg.

Lite ferie

Medan ho har bygd huset har ho denne vinteren hatt stengd tre dagar i veka. Men no når huset står ferdig, er ho klar for ein ny høgsesong med mange lange vakter.

- Det er slik det må vera i denne bransjen. Om ein ønskjer å gjera det bra, så kan ein ikkje setja arbeidet ut til andre. Då går det ikkje. Ein må ta "turn" sjølv, seier Laila bestemt.

Frå 2000 til 2008 hadde Laila drifta av kaféen på Fjord'n senter. Heller ikkje den gongen gav ho seg særleg mykje fri.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg har jobba mykje opp gjennom åra. På 20 år har eg knapt hatt meir enn ein eller to feriar. Det er kanskje litt i knappaste laget, men det blir ikkje noko meir i sommar. 1. april startar høgsesongen på Venjaneset. Då må me vera opne til nær sagt alle døgnets tider og gje lokalfolket og turistane det dei vil ha.

- Å kva er det dei vil ha mest av?

- Du, det er nok burgaren vår. Den er enormt etterspurd. Til og med leverandøren frå Stabburet fortalte oss at ho hadde høyrt folk i Bergen skryta av han, humrar Laila.

Hygiene og kvalitet

Kro-eigaren er klart på at ho aldri kunne bygd privathuset om ikkje Lailas kro & kafé hadde vore ein suksess. Men konkret kor bra det går, er ho noko tilbakehalden med.

- Heilt ærleg hugsar eg ikkje heilt, men me kan vel seia at generelt sett har me auka omsetnaden med ti prosent kvart år sidan me opna opp.

- Kva er løyndomen?

- Det er ikkje meir hokus-pokus enn hardt arbeid. Lange opningstider, gode råvarer og god hygiene. Det siste er kanskje det viktigaste. Heilt sidan eg dreiv på Fjord'n Senter har eg alltid vore oppteken av at det skal vera reint og ryddig både på kjøkenet og der kundane sit. Dette trur eg vert lagt merke til, og hevar inntrykket av totalopplevinga, seier ho.

Hadde gjerne utvida

Laila har også visjonar for kroa, men planane for utviding må truleg venta nokre år.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er Statens vegvesen som eig her, så eg veit at det ville vore ein omfattande jobb å fått løyve til å byggja ut. Men det er klart: Det hadde vore kjekt å gjort dette til ein større kafé med ein liten salong, og meir plass til folk som ville sitja her litt lenger.

- Om det blir bru over Fusafjorden. Kva då?

- Eg trur ikkje det hadde vore drepen for denne plassen. Det er ikkje mange konkurrerande plassar i Fusa. Kanskje kunne plassen her då blitt endå meir idyllisk. Nei, eg har trua, eg. Med ferja som nabo, eller ikkje, smiler Laila.