annonse

Debutant-skred i Oseana

: - Det er så kjekt å kunne presentera desse flotte musikarane for dykk, sa Glenn Erik Haugland til publikum.
:
: Norvald Kobbeltvedt var av dei meir rutinerte som var i sving.
: I april fekk komponistane ved Hauglands Session Studio E39 i oppdrag å skriva for pianist Inger-Kristine Riber og Heidi Luosujärvi (trekkspel).

Glenn Erik Haugland presenterte heile åtte komponistar på konserten i Griegsamlinga i Oseana søndag. Sju av dei debuterte.

Benjamin Søgnen Olsen

I april fekk komponistane ved Hauglands Session Studio E39 i oppdrag å skriva for pianist Inger-Kristine Riber og Heidi Luosujärvi (trekkspel), og sidan har dei jobba med musikken.

- Det er så kjekt å kunne presentera desse flotte musikarane for dykk, sa Haugland til publikum og heldt fram:

- Heile seks av dei kjem frå eller har anar i Os!

Dedikert til bestemor

Den første komponisten som blei kalla fram av konferansier Haugland, var Tonje Hernes, som nyleg avslutta komponistutdanninga si på Griegakademiet. Ho ville dedikera musikken ho hadde skrive til bestemora si.

- Bestemor er varm og god. Eg har aldri opplevd ho som kald, men eg har blitt fortalt at ho kunne vera bestemt og brysk til tider. Det de skal få høyra har difor litt av alt i seg, seier ho.

Kjærestepar på tur

Norvald Kobbeltvedt var av dei meir rutinerte som var i sving. Han hadde komponert eit stykke om eit kjærestepar som var ute og gjekk tur.

- Det oppstår ein diskusjon eller ein krangel. Meir vil eg ikkje seia. Det er opp til de å tolka korleis det går, seier han.

Unge komponistar

Session Studios E39 er eit tilbod til unge musikarar som ønskjer å laga musikk. Opplegget er utvikla med tanke på dei som vil utdanna seg vidare, og spesielt for dei som kan tenke seg å jobba med komposisjon.

Ungdomar frå ulike musikklinjer i Hordaland møtest 5-6 gonger i løpet av eit år. Elevar på skular som Langhaugen, Kongshaug og Stord er representerte i opplegget. Det er likevel ikkje berre for musikkelevar, alle er velkomne. Deltakarane har felles interesse for musikken.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på osogfusa.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.