Thomas Helgesen mannar seg opp til ekstraframsyning i Oseana ut på hausten.
Thomas Helgesen mannar seg opp til ekstraframsyning i Oseana ut på hausten.

Helgesen kjem med ekstraframsyning i Oseana

Thomas Helgesen er både glad og full av ærefrykt over interessa for showet hans i Oseana. No vert det ekstraframsyning.

Det er gått vel ein månad sidan Os og Fusaposten avslørde at den høgreiste revymannen frå Nore Neset hadde tinga Oseana-salen laurdag 21. oktober. 40-åringen meinte då at det var eit rimeleg hårete mål å skulle fylla opp salen. Det var det ikkje. Knappe ei veke etter var dei 493 billettane som var lagt ut, rivne bort.

- Eg må seia eg er litt sjokkert. At så mange er villige til å betala for å sjå på ein amatør-humorist frå Nore Neset er overveldande, men sjølvsagt også veldig, veldig kjekt, seier Helgesen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ekstraframsyninga er no sett opp til fredag 10. november.

- Er det ekstra nervepirrande å tenkje på at du no skal gjera showet to gonger?

- Nei, eigentleg ikkje. Når eg først skal "i elden", kan eg like godt la det stå til og gjera det to gonger, smiler Helgesen.

Inspirerande for skrivinga

Frå han sleppte katta ut av sekken har han intensivert skrivinga. Alt no er mykje av stoffet på plass.

- Ein får jo eit aldri så lite rush av å høyra at så mange vil koma å sjå på. Inspirasjonen til å skriva har på ingen måte blitt mindre i det siste, seier Helgesen.

40-åringen er likevel klar på at det er med ei viss ærefrykt han tek steget "opp" på scenen i Oseana.

- Utan å ta glansen av det me har gjort i «Nor og Né» på Nore Neset, så er det ein divisjon eller to opp å opptre i ein sal med plass til 500 betalande og fronta eit one-man-show. Det er klart det også er litt nervepirrande, vedgår han.

- Men så har eg ikkje seld meg inn som noko anna enn nett det eg er: Ein høgreist mann på to meter som tilbyr kortreist humor med noko attåt, humrar Thomas.

Artikkelen held fram under annonsen.

Byr på seg sjølve

Frå revyscenen på Nore Neset er det kanskje som imitator og rollespelar folk hugsar Thomas best. I «2meterTulling» vil han by meir på seg sjølv.

- I revyen på Nore Neset har eg gjort narr av mange folk frå Os. No er det eg sjølv som blir den store "narren". Kanskje meiner nokon det er heilt til pass for meg, humrar Thomas.