Alt i halv elleve-tida var stemninga framfor scenen i Nore Neset-hallen i ferd med å ta av.
Alt i halv elleve-tida var stemninga framfor scenen i Nore Neset-hallen i ferd med å ta av.

Låvedans-stemning i Nore Neset-hallen

Med tre country-influerte band, cowboyboots, fele og allsong vart det nær sagt låvedans-stemning i idrettshallen i Nore Neset aktivitetshus vesle nyttårsaftan.

Det seig godt på med folk utover kvelden fredag. Då Os og Fusaposten runda av var rundt 400 vel inne i det store danselokale, og stemning byrja for alvor å bli stor, god og høglytt.

Os Live/Osfest-general Tor Egil Hylland hadde god grunn til å vera nøgd.

Artikkelen held fram under annonsen.

- I fjor hadde me 500 her. I kveld er det førebels litt færre, men me har jo fleire konkurrerande arrangement i bygda i kveld, så ettersom det framleis strøymar på med folk, kan eg ikkje anna enn å vera happy, sa Hylland i 22-tida.

Han var ekstra nøgd med at mange ungdomar hadde funne vegen.

- I Osfest og Os Live har me etablert ein ungdomsgruppe. Dei har jobba for å få ungdomen til arrangementa våre. Det ser det ut som me har lukkast med her. Vala av band har vel også hatt sitt å seia for det. Country- og roots-musikk ser ut til å fengja både unge og eldre, konkluderte Hylland.

Ungdomen var etterspurd på tilsvarande arrangement i fjor. Fredag kom dei i hopetal. Denne gjengen var tidleg ute for å sikra seg det beste bordet for kvelden.
Ungdomen var etterspurd på tilsvarande arrangement i fjor. Fredag kom dei i hopetal. Denne gjengen var tidleg ute for å sikra seg det beste bordet for kvelden.
Emil Nordtveit, Ine Tumyr og kveldens kulaste gitarist, Erik Rolland, drog i gang stemninga i Nore Neset-hallen.
Emil Nordtveit, Ine Tumyr og kveldens kulaste gitarist, Erik Rolland, drog i gang stemninga i Nore Neset-hallen.
Fleire og fleire fann vegen til dansegolvet. Dette paret såg ut til å ha å øvd litt på førehand.
Fleire og fleire fann vegen til dansegolvet. Dette paret såg ut til å ha å øvd litt på førehand.
Byting avslutta ein flott 2016-turné på Nore Neset. Det samspelte bandet gav publikum god country-rock av beste merke.
Byting avslutta ein flott 2016-turné på Nore Neset. Det samspelte bandet gav publikum god country-rock av beste merke.

Han nytta også høvet til å skryta av lokalet og leiinga i NNA.

- Det er utruleg flott å arrangera konsertar i denne hallen, og med aktivitetshusets mange fasilitetar er det sjølsvagt også enklare å tilbereia mat, og laga til for sal og liknande. Me har eit godt samarbeid med NNA og satsar på å vidareutvikla dette arrangementet frå år til år. Dette skal bli ein tradisjon, slår Hylland fast.

 

 

Mjuk koseleg start

For publikum opna dørane klokka 20.00. Halvanna time etter starta dansen, og underhaldninga frå scenen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me har tre konsertar på ein kveld og er avhengige av å køyra eit stramt program, elles klarar me ikkje halda skjema, forklarte Hylland.

Først på scenen var Mighty Magnolias. Det lokale alibiet for kvelden, med medlemer både frå Fusa og Os fungerte kjempefint som det første musikalske innslaget. Emil Nordtveit, Ine Tumyr og resten av gjengen sette publikum i rette lune og gav det heile ein mjuk og koseleg start.

- Me har vore ein del rundt og spelt den siste tida, men dette er faktisk den første større jobben vår i Os . Det er veldig kjekt å få koma å spela her i Nore Neset-hallen. Me har gledd oss til dette, sa Emil til Os og Fusaposten før han gjekk på scenen.

Etter roots-gjengen hadde fått osingane i gang var det Telemark-bandet Byting sin tur. Telemark-gjengen løfta stemninga endå nokre hakk, og fekk fleire og fleire ut på dansegolvet.

 

Bygdedans er tingen

Fjorårets konsert var også vellukka, men det verkar for underteckna at årets band fengja dei frammøtte endå meir. Osingar likar bygdedans-musikk og det fekk dei i bøtar og spann fredag kveld. Byting kunne sine sakar, og etter kvart som fleire og fleire fann vegen til dansegolvet, trekte resten av dei frammøtte nærmare scenen. 

- Eg kan ikkje anna enn å gle meg over dette. Ungdomen er morgondagens Osfest-publikum. I dag fann dei vegen. Eg håpar me lukkast med å få dei med på Osfest også, konstaterte Hylland då Os og Fusaposten runda av kvelden litt før resten av dei frammøtte.

Alt tydde på at Rotlaus-bandet frå Ørsta ville få gode arbeidsvilkår utover dei siste timane denne kvelden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Forløpar til Osfest

Så står det att å sjå om ikkje bygdedans-trikset også kan funka under Osfest i 2017. Band som Hellbillies, Vassendgutane og Plumbo er kanskje band som hadde funka.