annonse

Sherpaar i sving på Lyngheim

: Dei neste vekene skal tre sherpaar byggja ein steingard i tilknyting til det historiske tunet på Lyngheim.

Dei neste vekene skal eit Sherpa-lag frå stibyggjaren Geir Vetti byggja ein steingard utanfor det historiske tunet på Lyngheim.

Camilla Kvamme

Steingarden skal skilja det historiske tunet frå parkeringsarealet, noko som ifølgje Nils Georg Brekke gjev ei fin avgrensing av tunet, med hellelegging og urtehagar innanfor steingarden når han er ferdig.

Sherpa-laget består av tre steinmurarar med byggjeleiar. Dei startar arbeidet med steingarden i dag, og skal etter planen vera ferdig i løpet av eit par veker.

- Sherpa-laget har stor røynsle med slik muring, opplyser Brekke.

Brekke fortel vidare at steingarden er ein del av ei stor forteljing om det å byggja i landskapet, heilt frå gardane i vikingtida. - Steinmurte geilar førte buskapen ut frå tunet og ut til beite, og fram til dei mange og lange steingardane som markerte eigedomsgrensene mellom gardane heilt fram til 1900-talet. Sidan har dei fine steinmurane prega det vestnorske fjordlandskapet, fortel han.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på osogfusa.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Os & Fusaposten?

* må fyllast ut