- Idrettslaget har vore pådrivar for prosjektet sidan starten. Kunstgrasbanen hadde truleg ikkje vorte realisert utan idrettslagets initiativ og innsats, påpeikar rådmann Berit Fløisand i sakspapira til formannskapet. Biletet er frå opninga av banen i september 2015. Tidlegare ordførar Hans S. Vindenes og leiar i Eikelandsfjorden idrettslag, Richard Markhus. (Arkiv
- Idrettslaget har vore pådrivar for prosjektet sidan starten. Kunstgrasbanen hadde truleg ikkje vorte realisert utan idrettslagets initiativ og innsats, påpeikar rådmann Berit Fløisand i sakspapira til formannskapet. Biletet er frå opninga av banen i september 2015. Tidlegare ordførar Hans S. Vindenes og leiar i Eikelandsfjorden idrettslag, Richard Markhus. (Arkiv

Kunstgrasbanen slår sprekkar

- Eg kunne godt tenkt meg at idrettslaget hadde vore denne børa forutan, sa Mikal Leigland (Sp) då Fusa formannskap handsama Eikelandsfjorden idrettslag sin søknad om kommunal garanti for lån onsdag.

I september i fjor opna den nye kunstgrasbanen i Eikelandsfjorden i Fusa. Men prosjektet vart dyrare enn planlagt, og i januar såg idrettslaget seg nøydd til å søkja kommunal garanti for eit lån på 500.000 kroner.

- Prosjektet kom ut med ein brutto kostnad på 8,2 millionar kroner. Det gjer at Eikelandsfjorden idrettslag må auka sin del av finansieringa til 1.076.000 kroner. Av dette må laget i første omgang låna 500.000 kroner i Sparebanken Vest. Vi får lån på vilkår av kommunal garanti, heiter det i søknaden frå styret i Eikelandsfjorden idrettslag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Onsdag handsama Fusa formannskap saka. Mikal Leigland (Sp) påpeika at Eikelandsfjorden idrettslag er eit idrettslag for heile kommunen.

- Eg støttar sjølvsagt garantien. Men eg ser at dette svekkar drifta til idrettslaget med 60.000-70.000 kroner i året. Det er kritisk for aktiviteten til laget. Difor ønskjer eg at vi tar dette med oss i budsjettarbeidet seinare i år, og ser om vi klarar å finna ei løysing på problemet, sa Sp-politikaren.

Sprekk på 1,8 mill. kroner

Bygginga av kunstgrasbanen ved Eikelandsosen idrettspark, var eit samarbeidsprosjekt mellom Fusa kommune og Eikelandsfjorden idrettslag. Anlegget vart bygd i 2015, og idrettslaget har mellom anna bidrege med meir enn 2000 timar med dugnadsarbeid.

- Idrettslaget sin kostnadskalkyle i samband med søknaden om spelemidlar i 2014 var på vel 6,45 mill. kroner. Men då prosjektet vart lagt ut på offentleg anbod auka kostnadene monaleg. Ved oppdatert søknad om spelemidlar i januar 2016 er kostnaden auka til 8,22 mill. kroner, heiter det i sakspapira til formannskapet.

Samarbeidet mellom kommunen og idrettslaget vart avklart i ei eiga sak i desember 2014. Her går det fram at det er idrettslaget som tek på seg å finansiera eventuelle overskridingar.

- Auka kostnader i prosjektet har lukkelegvis ført til at ein har fått auka tilskotet frå spelemidlane (2,5 mill. kroner) og auka momsrefusjon av spelemidlane (vel 1,5 mill. kroner), vert det opplyst i sakspapira.

Det kommunale tilskotet er på 2,5 mill. kroner.

Likevel sit idrettslaget att med ein pott på vel 1 million kroner.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Utbygginga har vorte eit stort og tyngjande løft for Eikelandsfjorden idrettslag. Idrettsrådet meiner Fusa kommune bør ha ein dialog med idrettslaget og andre moglege bidragsytarar for å hjelpa til med sluttfinansieringa, skriv leiar i Fusa idrettsråd, Liv Nyheim Kilen, i uttalen sin til saka.

Lover gjennomgang

I Fusa formannskap var politikarane samde om at dei ville hjelpa idrettslaget ved å gje kommunal garanti. Samstundes ønskte formannskapet ein grundig gjennomgang av økonomien i prosjektet.

- Kva er årsaka til overskridingane? Det er ikkje første gang vi opplever at slike ting skjer, sa Margun Y. Samnøy (Sp).

Ho bad først om ei utsetjing av saka til kommunen veit meir om kva som ligg bak overskridingane, men trekte forslaget då ordførar Atle Kvåle (Ap) påpeika at ein slik gjennomgang var på trappene.

- Eg går ut i frå at alle er interesserte i at tale kjem på bordet, sa ordføraren.

Leigland var oppteken av å finna ei løysing som idrettslaget kan leva med.

- Dette er folk som arbeider dugnad, som står på seint og tidleg for laget, og for borna våre. Eg kunne godt tenkt meg at dei hadde vore denne børa forutan, sa han.

Også rådmann Berit Fløisand meiner det er viktig med ein gjennomgang av prosjektet for å kunna avdekka årsakene til sprekken.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Dette kan gje viktig lærdom for komande samarbeidsprosjekt som til dømes bygginga av idrettshallen, understrekar ho.