Einingsleiar for undervising, Anne-Merete Mærli Hellebø, fekk med seg debatten i Fusa formannskap onsdag. I april vert det avgjort om fleire skular vert slegne saman i Fusa.
Einingsleiar for undervising, Anne-Merete Mærli Hellebø, fekk med seg debatten i Fusa formannskap onsdag. I april vert det avgjort om fleire skular vert slegne saman i Fusa.

Kva skjer med trinn II i skulesaka?

Trinn II i skulesaka skal etter planen avgjerast i møterunden i april. Spørsmålet er om posisjonspartia er viljuge til å droppa trinn II fullt og heilt.

Camilla Kvamme

camilla.kvamme@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

Då rådmann Berit Fløisand la fram budsjettforslaget sitt i haust, tok ho til orde for å redusera talet på kommunale barneskular frå seks til éin - i to omgangar. Politikarane var lunkne til forslaget, og i samband med formannskapsmøtet onsdag bad rådmann Berit Fløisand om ei avklaring av kva alternativ som skal utgreiast i samband med trinn II.

I tillegg til forslaga som allereie er utgreidde, ba posisjonspartia rådmannen om å vurdera eitt nytt alternativ: To barneskular. Éin skule i Eikelandsos-en med ei avdeling i Søre Fusa, og éin skule på Fusa.

Posisjonspartia bad dessutan rådmannen om å talfesta kva det vil kosta å bevara strukturen som gjeld frå 1. august 2016.

- Betyr det at de er viljuge til å droppa trinn II?

- Nei, etter mitt syn så kan vi ikkje droppa trinn II. Vi har ein økonomiplan som skal gå i balanse, og i økonomiplanen er det lagt opp til at vi skal ha éin skule i Eikelandsosen, med ei avdeling på Baldersheim frå 2018. Skulane vi eventuelt tek inn igjen i økonomiplanen, må vi finna dekning for, seier varaordførar Magne Djuvik (Frp).

- Men de vil vita kva det kostar å bevara fire skular?

- Ja, vi ønskjer å finna ut kva kostnaden med å bevara strukturen som gjeld frå hausten 2016 er, seier Djuvik.

Posisjonen på si side, meinte at berre éi løysing var tenkjeleg, nemleg å sjå vekk i frå trinn II.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Vi var samde om at sentrumsutviklinga ikkje skulle gå på bekostning av bygdene, men no er det altså det som skjer, sa Margun Y. Samnøy (Sp).

Ho fekk støtte frå partifelle Mikal Leigland som syntest det var utruleg at posisjonspartia kunne vurdera å leggja ned anlegget i Nore Fusa i det heile.

- No må galskapen stogga, sa han.

- Det er meir enn nok å ta tak i innanfor helse, sosial og teknisk. Vi må ikkje forhasta oss. Vi må ikkje snu opp ned på alt på ein gong, la Leigland til.