Åse Vaksinen Sælensminde meiner regjeringa må ta ansvar for integreringa av flykningar. (Arkivfoto)
Åse Vaksinen Sælensminde meiner regjeringa må ta ansvar for integreringa av flykningar. (Arkivfoto)

Norge må ta ansvar i den globale flyktningsituasjonen

Meir enn 60 millionar menneske i verda er akkurat no på flukt. 31.000 av desse kom til Norge i fjor. Denne lille delen bør vi klara å ta godt imot.

Nordmenn var sjølve flyktningar ein gong. Den nære historia har lært oss at tryggleik er sårbar. Likevel har Norge sett seg som mål å skapa det strengaste lovverket i Europa og har eit uttalt mål om å senda signal om at ein ikkje bør søka asyl i Norge.

Vi i Norsk Folkehjelp meiner dette er ein usolidarisk og uansvarleg politikk. Når verdas flyktningdag vert markert 20. juni, vil vi minna om at det er ein menneskerett å søka om asyl, og at Norge har gode føresetnader for å ta imot asylsøkjarar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vanskeleg å få arbeidsløyve

Dei aller fleste som kjem hit, har flykta frå krig og har krav på vern - dei er glade for å ha komen i tryggleik og er klare til å koma i gang med kvardagen. Ofte vert dei møtt med unødige hinder og eit apparat som legg til rette for, og skapar passivitet. Det er særs vanskeleg å få arbeidsløyve, det vert kutta i norskopplæringa, born vert haldne utanfor barnehagen og politikarar tek opp att og opp att kor vanskeleg dette blir. Vi meiner dette er dårleg politikk og dårlege signal. Passivitet fører ikkje med seg noko godt verken for den einskilde asylsøkjar eller for oss som samfunn.

Vi trur at språk er nøkkelen til all integrering, og at aktivitetar og samhandling er den beste vegen til språk. Vi trur at alle menneske kan vera ein ressurs om dei bare for sjansen. Lokallaga i folkehjelpa og frivillige frå andre organisasjonar har sidan september i fjor, gjort ein ekstraordinær innsats for at flyktningane skal koma raskast mogeleg i gang med liva sine her i Noreg.

Vi trur at språk er nøkkelen til all integrering, og at aktivitetar og samhandling er den beste vegen til språk.

Må ta ansvar

Vi trur at alle menneske kan vera ressursar om dei berre for sjansen. Men regjeringa kan ikkje lempa ansvaret for integrering over på frivilligheita åleine. Regjering må sjølv ta ansvar. Sylvi Listhaug oppmoda friviljuge organisasjonar til å delta i dugnad. No går oppmodinga attende til Listhaug. Regjeringa og integreringsministeren må sjølv delta i dugnaden, gjennom å vera brubyggjarar, leggja til rette for arbeidet og styrkja rammevilkåra til dei som gjer jobben.

Det som kjenneteiknar ein dugnad er at alle bidreg.

Åse Vaksinen Sælensminde