Sivert og mamma Linda Nyhus var godt nøgde med premien dei skaffa seg for sitt gode tips om Silje Nybø som tidlegare denne månaden vart angripen av ei kattugle.
Sivert og mamma Linda Nyhus var godt nøgde med premien dei skaffa seg for sitt gode tips om Silje Nybø som tidlegare denne månaden vart angripen av ei kattugle.

1000-kroner-tipset: Vekslar 1.000-lappen inn i dollar

Takk vere 1.000-tipset til Os og Fusaposten får Linda Nyhus og familien ekstra med dollar med seg på flyet til New York laurdag.

Temmeleg nøyaktig 122,25 amerikanske dollar får Linda Nyhus og familien for den nyerverva 1.000-lappen frå Os og Fusaposten.

– Eg er heilt «øvegøven». Eg visste ikkje ein gong at de hadde noko 1.000-kroners tips, kommenterer lærarrinna frå Lysekloster barneskule.

Artikkelen held fram under annonsen.

Spesiell historie

Ho hadde med andre ord berre edle motiv då ho tipsa om saka som lokalavisa fann ut ho fortente tipspengane for.

– Det er ikkje kvar dag ein høyrer om folk som vert sjukemeldt etter å ha blitt angripen av ei ugle. Då kollega Silje Nybø fortalde oss dette, følte eg historia måtte delast. Eg syntest rett og slett det var ei spesiell historie, fortel Nyhus.

Historia kom på trykk i Os og Fusa kort tid etter. Saka om den 21 år gamle lærarvikaren som vart angripen av ei kattugle i Hegglandsdalen var populært lesestoff for Os & Fusaposten sine lesarar.

Austkysten opp og ned

Med ekstra valuta set familien Nyhus seg på flyet til New York laurdag. Planane for ferien er klare.

– Me har fire gutar. Eldstemann hadde eit sterkt ønske om at me skulle dra til USA. No flyg me til «The Big Apple», leiger bil der og fartar litt opp og ned langs austkysten ein heil månad. 1.000-lappen kjem garantert godt med, seier firebornsmora.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no