Kvifor skal ein bruka tid, energi og krefter på å engsta seg for noko som ein sjølv ikkje kan gjera noko med? Gje heller rom for gleda. Ta glede på forskot. Slår det til, så har du dobbel glede, sa Ingvard Wilhelmsen.
Kvifor skal ein bruka tid, energi og krefter på å engsta seg for noko som ein sjølv ikkje kan gjera noko med? Gje heller rom for gleda. Ta glede på forskot. Slår det til, så har du dobbel glede, sa Ingvard Wilhelmsen.

- Å velja å vera sjef i eige liv

Det var stor stemning blant dei over 400 deltakarane i Os Senioruniversitet måndag 6.februar. Kåsør Ingvard Wilhelmsen vart titt og ofte avbroten av klapp og latter.

Professor emeritus Ingvard Wilhelmsen er lege med fordjuping både innan indremedisin, gastronomi og psykiatri, men er kanskje mest kjend for hypokonderklinikken som han framleis - som pensjonist - driv ein dag i veka.

Måndag nådde han tydelegvis fram til deltakarane med bodskapen sin. Kva var det dei opplevde? Kanskje kjende alle att dei situasjonane han fortalde om - frå eige eller andre sitt liv?

Artikkelen held fram under annonsen.

Det viktigaste valet

Som lege, fortalde han, ser han det viktige i å la folk få fortelja om seg sjølv, i å møta dei med interesse og tilbakemeldingar. Folk likar å bli forstått, fastslo han. Men det som likevel er viktigast for han, er å koma til botnar i kva haldningar den einskilde har til eige liv og til problem som opptar dei.

Det meste i livet kan vi vanskeleg gjera noko med. Vi kan t.d. ikkje velja kven foreldra våre er, vi kan ikkje velja fortida vår, vi kan ikkje velja sjukdom og liding som kjem til oss. Men det vi KAN velja, er korleis vi vil forholda oss til opplevingar og hendingar, til det som har skjedd oss og det som no skjer oss. Kva haldningar vi møter opplevingane med, er det viktigaste valet vi gjer! Ingen situasjon i livet er så vond at ikkje ein dose med sjølvmedlidande og bitre tankar kan gjera situasjonen enda verre! Vi vel sjølv kva fortida skal få gjera med oss, og vi vel sjølv korleis vi vil stilla oss til ulike omstende vi møter i livet.

Ikkje gje dommaren skulda

Men mange vil ikkje ta ansvar for desse vala. Om dei held fast på ei haldning som "eg kan ikkje", så vert det lett slik, meinte Wilhelmsen. Og dei ender då gjerne opp i ei offerrolle som dei igjen lèt vera å velja seg ut av. Han samanlikna livet med ein fotballkamp. At det går dårleg i første omgang, er ikkje ei orsaking for ikkje å velja å gjera ein god innsats i andre omgang. Og ein kan i alle fall ikkje gje dommaren skulda for sitt eige dårlege spel.

Olav Søfteland vart attvald som leiar. Med seg i styret fekk han Asta Anthun (ny), Borghild Borgen (ikkje på val), Åsbjørg Ljones Jonassen (attval) Kjell Harald Lunde (ny), Tone Brodal Mongstad (attval) og Bjørn Solheim (attval).
Olav Søfteland vart attvald som leiar. Med seg i styret fekk han Asta Anthun (ny), Borghild Borgen (ikkje på val), Åsbjørg Ljones Jonassen (attval) Kjell Harald Lunde (ny), Tone Brodal Mongstad (attval) og Bjørn Solheim (attval).

Som lege hadde Wilhelmsen observert at folk tar ekte hendingar betre enn tenkte problemstillingar. Om sjukdom eller andre problem oppstår, vert dei ofte takla på ein betre måte enn hos dei som berre går og er engstelege for det same. Vi skal ikkje bruka opp kreftene på angst for ting som KAN skje.

Angst er likevel nyttig i naudsituasjonar, Vi har bruk for angst, men berre som ei sperre i verkelege farlege situasjonar. Å slita seg ut på å engsta seg for noko som kanskje kan skje ein gong, er å slita seg ut fånyttes. Kong Olav svara ein gong på spørsmål om han søv godt, når det er så mange katastrofar som kan henda: "Ja, eg søv godt og trygt. Dersom ein katastrofe plutseleg oppstår, vil eg i alle fall møta han utkvilt". Ei nyttig og medviten haldning.

Gje rom for gleda

Vidare stilte kåsøren spørsmålet: Kvifor skal ein bruka tid, energi og krefter på å engsta seg for noko som ein sjølv ikkje kan gjera noko med? Gje heller rom for gleda. Ta glede på forskot. Slår det til, så har du dobbel glede. Og skulle det ikkje gå slik du såg fram til, så har du i alle fall hatt gleda du hadde på forskot.

Det er lett å ta sorger på forskot. Mange som har problem, tenkjer seg òg ofte til nokre problem ekstra. Vi kan ikkje hindra tankane våre i å koma, men vi kan velja kva vi vil gjera med tankane våre. Vil vi dyrka dei, gje dei rom, tid og energi, eller er vi villige til å ta eit val om å leggja dei bort? Wilhelmsen tilrådde ein metode om å skriva tankane ned og bokstaveleg talt gøyma dei i ein boks.

Bruk livet til å leva - ikkje til å døy

Mange engstar seg fånyttes! Ein leitar etter "falske signal". Mykje av det ein engstar seg for, vil aldri skje. Og kvifor då bruka tid på angsten? Når noko ekte skjer, då merker ein "ekte signal". Då veit ein kva ein har å hanskast med.

Artikkelen held fram under annonsen.

Å ha ro i livet, er på mange måtar ein vald ro, hevda Wilhelmsen. Om den einskilde vel å vera konge i sitt eige liv, så tåler ein det som kjem, når det kjem! Dauden kjem når han melder seg. Bruk difor livet til å leva - ikkje til å døy, var oppmodinga forsamlinga fekk med seg heim.

Nytt styre

Etter kaffipausen var det Årsmøte i Senioruniversitetet. Årsmeldinga 2016 vitna om eit aktivt år med varierte foredrag. Rekneskapen viste godt overskot. Semesteravgift for 2018 vart vedteken uendra frå 2017.

Nytt styre vart vald. Olav Søfteland vart attvald som leiar. Med seg i styret fekk han Asta Anthun (ny), Borghild Borgen (ikkje på val), Åsbjørg Ljones Jonassen (attval) Kjell Harald Lunde (ny), Tone Brodal Mongstad (attval) og Bjørn Solheim (attval).

Det vart òg vald valkomité for 2018.

Lill-Karin Wallem

Os Senioruniversitet

Ja, eg søv godt og trygt. Dersom ein katastrofe plutseleg oppstår, vil eg i alle fall møta han utkvilt.

Kong Olav