Ein bil køyrde av vegen i Fusa i dag tidleg.
Ein bil køyrde av vegen i Fusa i dag tidleg.

Bil av vegen i Fusa

Rett før klokka 08 i dag tidleg fekk politiet melding om at ein bil sklidd av vegen i Fusa.

– Det er snakk om ei enkeltulukke – ein bil og ein person involvert, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Hans-Eirik Thue og held fram:

– Kvinna, som er i 40-åra, blei køyrd til lokal legevakt for sjekk. Ulukka skjedde i Eikelandsosen om lag 200 meter før avkøyringa i retning Venjaneset. Bilberging er på staden.