Politiet stoppa og sjekka bilar i Kuvågen etter ei uklar melding om ein våpensituasjon.
Politiet stoppa og sjekka bilar i Kuvågen etter ei uklar melding om ein våpensituasjon.

– Bilen blei sjekka for våpen

Ei uklar melding frå ein rusa person, førte til at politiet rykte ut med våpen laurdag.

Laurdag blei ein Os & Fusaposten-lesar stoppa i Kuvågen av politiet.

– Det var fem politibetjentar på staden. Alle med våpen. Dei sjekka om eg hadde våpen i bilen og eg fekk ikkje køyra vidare før dei sa at det var greitt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tok ingen sjansar

Politioverbetjent Audun Hadler-Olsen fortel at det hadde kome inn ei uklar melding frå ein rusa person.

– Det viste seg å ikkje vera noko hald i meldinga. Det blei meldt om ein situasjon med ein med våpen, og politiet tok ingen sjansar. Men det var ikkje noko, fortel han.