Hotelldirektør Børrea Schau-Larsen seier at Solstrand sitt driftsgrunnlag er truga av ekstraskatten den norske staten tek.
Hotelldirektør Børrea Schau-Larsen seier at Solstrand sitt driftsgrunnlag er truga av ekstraskatten den norske staten tek.

Børrea langa ut mot formuesskatten

Hotelldirektøren: – Medan dei rikaste slepp unna med å betala småpengar i skatt, må Solstrand hotell betala 65 prosent i skatt, sa Børrea Schau-Larsen til politikarane i dag.

Formannskapet i Os hadde i dag sitt siste møte før sommaren, og det fann stad på Solstrand. I si velkomsttale til politikarane gjekk hotellsjefen inn på ei av sine største utfordringar med å halda hotellskuta flytande: den særnorske formuesskatten. Os og Fusaposten har skrive sak om dette tidlegare i vår, då også den lokaleverksemda Vestnorske Heiltre og Jarl Haug har same problemet.

Dei rikaste får vera i fred

Børre Schau-Larsen nytta ein av landets rikaste menn, Christian Ringnes, for å få fram poenget sitt.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det stod nyleg i avisa at Christian Ringnes har 4,4 milliardar kroner i formue. Av det skattar han berre av 112 mill. kroner. Han eig t.d. Grand hotell i Oslo. Men kor står det ført opp? Solstrand skattar for 250 mill. kroner.

Ifølgje hotelldirektøren må hotellet betala 65 øre av kvar krone dei tener til staten pga. formuesskatten. Ho har vore i dialog med fagfolk både på NHH og ved Universitet, og dei skjønar ifølgje henne seg ikkje på denne skatten.

Konkurrentane slepp unna

Ho viste til konkurrentane i Scandic-kjeda som har 7 hotell i Hordaland, 76 hotell i Noreg og 270 hotell i Norden.

– Dei er ein enorm maktfaktor. Men den verste utfordringa for oss er at dei som konkurrent slepp å betala formuesskatt, sa ho.

– Ein straffar norske aktørar. På denne måten tek ein frå eit kvar menneske lysten til å driva forretning. Den dagen eg hadde teke pengar ut av verksemda i lønn, kunne eg gjerne blitt skatta 90 prosent, men når det gjeld pengar hotellet treng til å reparera taket? Me må få lov til å konkurrera på like vilkår med hotell som Scandic, sa hotelldirektøren.

Vil heller brenna hotellet enn å selja

Til sist hadde ho bokstaveleg tala ein brannfakkel.

– Ein ting er heilt sikkert: Det er ikkje mogleg å overleva slik systemet er no. Og ein annan ting: Me kjem aldri til å selja hotellet vårt til Scandic. Då blir dette i staden ei brannøving for Os brannvesen, sa Schau-Larsen.

ol@osogfusa.no