– Kva er det du seier? Er me største nynorskkommune? seier Marie Elisabeth Lunde Bruarøy (H) på telefonen når Framtida.no ringjer.
– Kva er det du seier? Er me største nynorskkommune? seier Marie Elisabeth Lunde Bruarøy (H) på telefonen når Framtida.no ringjer.

Dei beste ynske for året 2018!

Året 2017 er ved vegs ende, og vi ser tilbake på nok eit år med mykje aktivitet i bygda vår.

Eg vil nytta høvet til å takka kvar og ein av dykk som bidreg med å skapa aktivitet som gjer Os til ein god stad å bu. Samspelet mellom deg som innbyggjar, tilsette i kommunen, næringslivet, idretten, kulturlivet og frivilligheita elles, er med på å forma lokalsamfunnet vårt og innhaldet i kvardagen vår. Takk for at du er med!

I 2017 vart vi fleire hundre nye osingar. Sjølvsagt byr det på utfordringar å veksa fort, men vi vel å sjå moglegheitane. Veksten gjev oss moglegheiter til å videreutvikla bygda vår, og gjev grobunn for vekst i næringslivet. I februar opna Bjørnefjorden Gründerpark, og fleire spennande aktørar vel å satsa på sin draum herfrå. SR bank kåra Os til beste næringskommune, etterfulgt av Kristiansand og Stavanger! Dette tyder på at Os har markert seg som ein god kommune å etablera næring i, og positiviteten rår i næringslivet. Vi konstaterer at det er «Liv på Øyro», og ser fram til ytterlegare nyetableringar  i sentrum i 2018 og i åra som følgjer.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein ny milepæl vart nådd på nye E39, då ein i februar fekk gjennomslag i Skogafjellstunellen, som sjølvsagt vart markert med kake og brus inne i det som skal bli næringsområdet Lyseparken. Vi må nok venta i vel fire år til før vi kan halvera reisetida til Bergen, men det er spennande å følgja utviklinga i anleggsområdet, og halda fram med planlegginga av Lyseparken.

I året som har gått, har idretten fått utvida kapasitet. Både Søre Neset og Nore Neset idrettslag har opna nye banar til glede for fotballglade born og unge, og friidrettsanlegget på Kuventræ har fått den godkjenninga som skal til for å halda stemne. Til sommaren står ny dobbel idrettshall ferdig, og vi doblar hallkapasiteten i Os, som igjen gjev nye moglegheiter for annan innandørs idrett.

I haust flytta elevane ved Lunde skule inn i nye klasserom, og fleire av dei andre skulane våre har fått oppgradert både klasserom og uteområde. Det er godt å sjå at skulane våre med tilhøyrande uteareal fungerer som gode nærmiljøanlegg og møteplassar også på fritida. 

No seinhaustes, fekk bebuarane ved Os Sjukeheim flytta inn i Nye Luranetunet. Det var ein stor dag for mange, når senteret opna, og takk vere dei tilsette og tålmodige bebuarar og pårørande, gjekk flyttinga over all forventning. Flotte nye rom, gode fellesstover, topp moderne teknologi og endringar organisatorisk er på plass, og ikkje minst Nordens første tropehage. Ein tropehage bygd i eit omsorgssenter som skal koma beburarar, pårørande, tilsette og besøkjande til gode i mange år. Her kan ein ta turen innom og nyta sommartemperaturar heile året i fredlege omgjevnader.

Av større prosjekt i året som kjem, er grunnarbeid for parkeringsanlegg i sentrum, og for aktivitetshus og gymsal ved Os ungdomsskule – Os U Aktiv, og ein skal gå i gang med bygging av ny barneskule på Hjelle. Reguleringsplan for Os ytre hamn er godkjend, og bølgjedemparar kan leggjast ut, slik at turisthamna vår kan utviklast. Os som reisemål har eit uforløyst potensiale, og dette skal arbeidast vidare med i 2018. 

Om nøyaktig to år, avsluttar vi siste kapittel i sagaen om Os kommune, og 1.1.2020 opnar vi første kapittel i Bjørnafjorden kommune. Os og Fusa kommunar skal bli eitt, og no startar arbeidet for fullt med å byggja den nye kommunen. Vi står ovanfor utfordrande og krevjande prosessar, men det gir oss òg ein unik moglegheit til å ta oss inn i ei meir digital framtid. Eg  er overtydd om at vi saman, gjennom ryddige prosessar, involvering og openheit, på ein god måte vil gjennomføra oppgåvene som er naudsynte for å byggja Bjørnafjorden kommune. 

Det er eit privilegium å få vera ordførar i denne flotte kommunen, og eg er audmjuk for kvar ein dag eg får fylla denne rolla. Eg får møta menneske med ulik bakgrunn, menneske med ulike behov og menneske med ulike historier. Dette er noko eg lærer av og som rører ved meg. Takk for at eg får læra og for alt eg får ta del i dagen saman med dykk. Eg vil takka så mykje for mange flotte minne frå året som har gått. Måtte vi saman skapa like mange fine minne også i 2018! 

Håpar å sjå deg og familien rundt Os hamn 1. nyttårsdag kl. 18.00. Då inviterer Os kommune saman med næringslivet og ProPyro til felles fyrverkerioppskyting. Det vert spektakulært, kan vi lova!

Artikkelen held fram under annonsen.

Riktig godt nyttår!

Marie E. L. Bruarøy

Ordførar, Os kommune