(
(

– Ekstremt glatte vegar

– Det starta å ringa ganske så tidleg i dag, fortel teknisk vakt.

Det er mange som har teke kontakt med Os kommune for å opplysa om glatte vegar og etterlysa strøbil.

– Det er kome inn melding frå Banktjørnhaugen, Kuvågen og mange fleire stader. Det har vel vore eit problem på heile Vestlandet. Vi har vore ute i fleire timar. Vi starta i 03.00-tida, men det er vanskeleg å rekkja overalt samstundes. Folk har vist forståing for det, opplyser teknisk vakt i Os.

Artikkelen held fram under annonsen.

Os kommune oppmodar dei som skal ut å køyra eller å gå om å vera veldig forsiktige. På heimesida meldar kommunen at det er ekstremt glatt grunna underkjølt regn.

– Alt tilgjengeleg mannskap er ute og strør. Køyr varsamt og bruk broddar om du skal ut å gå.