Fjellheim i 1938 med «Skifabrikken» (Hjelle’s Ski og Kjelkefabrikk) i framgrunnen.
Fjellheim i 1938 med «Skifabrikken» (Hjelle’s Ski og Kjelkefabrikk) i framgrunnen.

Fjellheim bør vera med i ei heilskapeleg utvikling av «Liv på øyro»

LESARBREV: Fjellheim står framleis der majestetisk som eit landemerke for store delar av Os sentrum. Med Fjellheim følgjer også ei 100 år gamal kulturhistorie som vi bør ta med oss inn i framtida.

Oseana Kunst og Kultursenter vart innvigd 17. juni 2011. Det markerte starten på ein ny æra for Os-bygda. Praktbygget på Mobergsneset tok over stafettpinnen frå Fjellheim som i sin tur kunne markera at det var gått 100 år sidan første Fjellheim vart bygd. Fjellheim står framleis der majestetisk som eit landemerke for store delar av Os sentrum. Med Fjellheim følgjer også ei 100 år gamal kulturhistorie som vi bør ta med oss inn i framtida.

I den godkjende kommuneplanen, samfunnsdelen, 2015-2027 står det i innleiinga til pkt. 5.3 Kunst, kultur og fritid 2027: «Alle osingar kjenner til Os si historie og historiske bygg, og området vert brukt aktivt i kulturformidling og identitetsskapande arbeid» Vidare under same hovudpunkt står det: «Vi vil vera ein attraktiv kommune som tar i vare vår historiske identitet.»

Artikkelen held fram under annonsen.

Politikarane har hatt fleire høve til å syna at desse måla er meir enn berre ord. Diverre ser det ut som det er ein kortsiktig vinst ved ein utbyggingsplan er blitt styrande i spørsmålet om Fjellheim.

Fjellheim avstengt på sjuande året

På sjuande året står Fjellheim avstengt og forlate utan særleg tilsyn eller vedlikehald. Det er eit trist syn å sjå at eit så viktig kulturbygg i Os-bygda sakte, men sikkert, forfell. I skrivande stund står Fjellheim framleis der, men er rivingstrua, sjølv om siste ord kanskje ikkje er sagt om Fjellheim sin lagnad. Bygget har stått ute ei vinternatt før, og vil nok klara seg gjennom den komande vinteren også. At Fjellheim vart avstengt då Oseana vart teke i bruk, var kanskje ikkje dramatisk i seg sjølv, men at bygget kort tid etterpå vart fjerna med eit pennestrok i framlegget til reguleringsplan for området, var ein heilt ny situasjon.

Tre bustadblokker er teikna inn på Fjellheim-tomta. Dei planlagde bustadane vil få utsyn mot gravplassen og mot den mest trafikkerte innfartsåra til Osøyro, og ein skulle tru at plasseringa ikkje var den beste.

Fjellheim ruva godt i landsskapet også i byggeperioden som starta 18. mars 1937.
Fjellheim ruva godt i landsskapet også i byggeperioden som starta 18. mars 1937.

Arkitekten Johan Lindstrøm (1893-1958) teikna to kjende bygg i Os

Det er skrive og sagt mykje om Fjellheim, men også arkitekten som teikna det flotte bygget, bør trekkjast fram. Johan Lindstrøm var fødd og oppvaksen i Lærdal i 1893 og kom til Bergen som arkitekt tidleg i 1920-åra. Han var ein av fleire kjende arkitektar i Bergen som på 1930-talet sette sitt stempel på fleire kjende bygg i Bergen, og faktisk to bygg i Os.

Ein annan lærdøl, den tidlegare postmeisteren i Os, Arne Hjermann (1901-1978), flytta til Os i 1935. Eit nytt telefon- og postkontor (eigentleg post og telegraf) skulle byggjast, og Hjermann fekk hyra inn sambygdingen og arkitekten Johan Lindstrøm, som han kjende frå Lærdal. Han teikna bygget, som seinare berre vart omtala som «Posten». Bygget sto ferdig i 1937, og i dag kjenner vi bygget att som Tanngarden. Eigaren av bygget, tannlege Bjarne Øvredal, synte at det var mogeleg med ny bruk i det gamle postbygget etter at huset fekk eit tilbygg mot nord.

Nokre steinkast frå det gamle posthuset hadde Lindstrøm i same periode også teikna eit større påbygg på det gamle Fjellheim slik at bygget ville blitt dobbelt så stort. Kort tid før arbeidet skulle starta opp, brann Fjellheim ned til grunnen. Byggjekomiteen for prosjektet fekk no ei større utfordring, og det same fekk arkitekten. Lindstrøm fekk no i oppgåve å teikna eit heilt nytt bygg for Os Musikk- og Turnforening som også skulle vera eit forsamlingshuset for Os-bygda i mange år framover. Kort fortalt: Laurdag 14. februar 1938 vart huset innvigd, og vart omtalt som eit av dei flottaste forsamlingshusa på Vestlandet.

Når vi først talar om viktige signalbygg i Os sentrum frå 1930-talet, må også gamle Os Privatbank (1933) nemnast. Bygget vart teikna av ein annan kjend Bergens-arkitekt, Hans Wichmann Rohde. Aspenesbrørne sine gode initiativ og planar for bygget og området rundt er berre å ta av seg hatten for.

Kultursjefen tok tak i Fjellheim

At kultursjefen sjølv, Lisbeth Axelsen, kom på banen no på tampen og fekk henta inn kulturfagleg kompetanse frå Bergen, var svært positivt.

Artikkelen held fram under annonsen.

I fråsegna til Byantikvaren(2017) kan ein m.a. lesa følgjande: «Fjellheim har svært høy kulturhistorisk verdi, både med tanke på sin arkitektoniske utforming og arkitekturhistoriske verdi, men ikke minst sosial og kulturell verdi som et viktig forsamlingshus for svært mange mennesker i nesten 80 år. Det finnes ikke tilsvarende bygning i Os kommune, og Fjellheim har dermed også svært høy sjeldenhetsverdi.

Vi anbefaler at bygningens eksteriør og materialitet bevares og at det kan gjøres endringer/ tilpasninger innvendig tilpasset ny bruk».

«Karakteristisk for Fjellheim er den strategiske plasseringen som gjør den til et landmerke for store deler av Os sentrum, og kneiser med en iboende monumentalitet. Denne spesielle bygningen fra mellomkrigstiden er et unikt stykke arkitektur, og det finnes ikke mange tilsvarende ungdomshus / kulturhus/ forsamlingshus i denne regionen med tilsvarende arkitektonisk utforming».

Fjellheim er i god stand

I 1983 vart det gamle teglsteintaket på Fjellheim skifta ut med stålpanner i same mønster og farge som det gamle taket. I 1984 fekk bygget nye vindauge, også med same utsjånad som dei gamle, men med litt kraftigare sprosser. Sjølv om Hordaland fylke støtta prosjekta, vart det dyrt for foreiningane. Med skyhøge renter utover 80-talet auka gjelda på huset faretruande for kvart år framover. For å gjera ei lang historie kort: Os kommune kjøpte Fjellheim i 1989, og huset vart fullstendig rehabilitert med m.a. to tilbygg til garderobar og sanitæranlegg. Hans Skogen var arkitekt for opprustinga, og det er ikkje vanskeleg å sjå at Lindstrøm sin stil og utsjånad på bygget vart ført vidare, også med dei to tilbygga.

Dersom reguleringsplanen for området blir realisert, mister vi eit av dei viktigaste historiske bygga i Os, og med det også mykje av kulturhistoria som går over 100 år tilbake i tid.

Gode råd

Heilt på tampen er det freistande å sitera frå Os Inspirerer: « Vi vil lytte til alle som tek kontakt for å gje gode oss gode råd»

Og så dei gode råda: Vi bør ta vare på Fjellheim som samfunnshus og brukshus i sentrum i tillegg til Oseana. Veksten i folketalet i tillegg til at Os ønskjer å framstå som ei kulturbygd, burde vera god nok grunn til å ta vare på kulturhuset Fjellheim.

Skriftlege kjelder:

Artikkelen held fram under annonsen.

Årsmelding for styret i Fjellheim 1983

Årsmelding for styret i Fjellheim 1984

«Arkitekten Johan Lindstrøm» av Claus Lindstrøm, 2011

Osingen 2011, «100 år med Fjellheim» av Tore Moberg

Munnlege Kjelder:

Jan Olav Hjermann

Tore Moberg