I mailen vert det gjort klart at om ein ikkje fyller ut personopplysningane i den vedlagte lenka, så vil ein risikera å mista dei pengane ein skal få refundert i skatt for 2017.
I mailen vert det gjort klart at om ein ikkje fyller ut personopplysningane i den vedlagte lenka, så vil ein risikera å mista dei pengane ein skal få refundert i skatt for 2017.

Fleire utsette for e-post-svindel denne veka

Ein mail frå Skatteetaten med oppfordring om å oppgje personopplysningar er no i omløp i Os. Dette er svindel.

Om du får beskjed om at nokon skuldar deg 8.120 kronar, er det lett å bli ivrig og gje avsendarane det dei ber om for sjølv å få det ein er lova.

Underteikna mottok sjølv svindelmail - tilsynelatande sendt meg frå Skatteetaten - torsdag føremiddag. Ein kjapp telefon til Skattvest stadfesta mistanken om at mailen ikkje var frå skattekontoret på Vestlandet, eller nokon andre innan Skatteetaten.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Dette er ikkje ein mail frå oss. Me ville aldri spurt om personalia på denne måten, sa kundebehandlaren då eg prata med han torsdag ettermiddag.

Lett å bli lurt

Ifølgje kundebehandlaren er det slett ikkje sjeldan at dei får telefonar frå folk som vert utsett for dette.

– I den digitale kvardagen er det slett ikkje lett å hugsa på kva ein har opplyst om, og når. Då er det lett for at ein berre fyller på med personal-opplysningar og sender av garde. I alle høve om ein i mailen har fått opplysa at ein ikkje får skattepengane om ein ikkje oppdaterar opplysningane, seier kundebehandlaren.

I mailen står det at ein skal få refundert x kroner, men at dette føreset at ein fyller ut eit skjema som var vedlagt som lenke.

Sender aldri lenker

Pressekontakt i Skatteetaten, medierådgjevar Ernst Larsen, stadfestar at det verserer falske mailer frå skatteetaten.

– Det er stadig nokon som prøver å svindla folk ved å utgje seg for å representera oss. Ein tommelfinger-regel for å avsløra den slags svindel er å hugsa på at Skatteetaten ALDRI vil senda lenker, og heller aldri vil be om personopplysningar på den måten, seier Larsen.

Han legg til at Skattekontoret heller ikkje kan seia noko om forventa refundert skatt for 2017 før skattemeldinga er unnagjort i april.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no