Reisefølgjet på 40 fekk ein svært innhaldsrik tur då LHL Os sette kursen for Dubrovnik.
Reisefølgjet på 40 fekk ein svært innhaldsrik tur då LHL Os sette kursen for Dubrovnik.

Flott tur til Dubrovnik for LHL

Reisefølgjet på 40 fekk ein svært innhaldsrik tur då LHL Os sette kursen for Dubrovnik.

Den åtte dagar lange turen var lagt opp med eigen buss og lokale guidar. 38 personer hadde meld seg på turen. På Flesland venta reiseleiar Svein Sætrevik frå Tide som skulle vera med frå A til Å. Vår tilretteleggjar for turen, Egil Njøten, hadde fått Svein med.

Etter kontrollen på Flesland blei vi sitjande i femti minutt i flyet før det kunne letta. Det var blitt forsinka og venta på klarsignal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vi skulle bu på Grand Hotel Park som var eit fint, fire stjerners hotell med god service.

Første dagen stod gamlebyen i Dubrovnik på programmet, med lokalguiden Niko som hadde flykta til Noreg då krigen braut ut i heimlandet.

Gamlebyen var prega av krigens herjingar med kulehull i bygninger, men ellers var byen gjenoppbygd. Detaljane på bygningane vitna om flinke murarar. Elles var gamlebyen no ein

Dag to var avsett til eigen aktivitet og mange valde å gå til stranda då da var så varmt. Her var ei flott strand med små rullesteinar, men også godt tilrettelagt for rullestolbrukarar.

Dag tre skulle me til Mostra. Her måtte me gjennom både passkontroll, politikontroll og bom på veg gjennom Bosnia og Hersegovina, og det blei over ein time venting i bussen.

Vel framme i Mostra, «Broenes by», blei vi møtt av guiden Zasmina som også hadde flykta til Noreg under krigen i lag med foreldra sine.

Vi gjekk til den gamle og kjende tyrkiske brua som blei øydelagt under krigen, men som vart bygd oppatt og opna i 2005. Gata var belagt med elvestein og var ingen plass for rullestol. Her var gullsmedar, koparsmier og resturantar. Vi besøkte moskeen og det tyrkiske husmuseet. Det var skremmande å sjå resultatet av krigen, med ruinar og hus med kulehol. Guiden fortalde at krigen ikkje var resultat av religion, men herskesjuke leiarar.

Dag fire var Montrenegro målet for utflukten. Vi køyrde melom anna forbi eit sjukehus, der det norske helsevesenet leiger ein fløy for revmatismepasientar frå Noreg. Naturen liknar mykje på den vestlanske, med høge fjell og flotte fjordar. Vi møtte guiden vår Tanja som var delvis svensk og reiste først ut til ei kykje som låg på ein holme. Ho hadde i si tid stor betydning for sjøfolket og hadde mange flotte måleri i taket. I den gamle byen Budva var vi innom St.Tryphons katedralen frå år 1166. Denne var bygd opp att etter krigen og var ein flott bygning.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den femte dagen var det «fri». Det hadde vore mange inntrykk å fordøya, så det var godt med ein fridag.

Den sjette dagen vart og sett av til avslapping, men Egil hadde bede guiden sjå på høva for å leiga ein båt som kunne ta oss ut til ei øy. Og jammen var det ein som ville ta oss med frå klokka ni til tre. Etterpå skulle han skyssa eit brudepar.

Vi tok buss til båten og fekk ein fin tur til ei lita, søvnig øy som heite Lopud. Øya hadde berre eit par hotell og det var berre lov å køyra med golfbilar. Her var også ei lita, fin sandstrand som vi nytta oss av. Til heimturn hadde mannskapet laga ein god lunsj til oss. All ære til Egil, guiden og mannskapet for denne flotte turen.

Etter ein flott tur med mange inntrykk og vel varmt ver, var me klare for heimreise. Buss stod på Flesland og tok imot oss, og vi kom oss trygt heim. Takk for turen til alle som var med og passsa på kvarandreø. Takk også til Egil og Svein for god tilrettlegging.

LHL OS