Marie Bruarøy og Laila Reiertsen føreslår å bruka litt pengar på to gode tiltak.
Marie Bruarøy og Laila Reiertsen føreslår å bruka litt pengar på to gode tiltak.

Føreslår å gje pengar til to friluftstiltak

På tysdag skal fjorårets overskot disponerast. Laila Reiertsen og Marie Bruarøy har kvar sitt forslag til tiltak som fortener nokre tusenlappar.

I formannskapsmøtet tysdag skal fjorårets overskot på ca 40 mill. kroner fordelast. Administrasjonen føreslår at 7 mill. kroner vert sett av til infrastruktur-fond, 5,2 mill. kroner til eit integreringsfond og dei resterande 28 mill. kroner på eit investeringsfond. Men politikarane vil også ha eit ord med i laget, og no ligg det an til at i alle fall to forslag vil bli teke over bordet i møtet.

Første forslag

Os og Fusapostenskreiv før i dag om dementavdelinga på Luranetunet sitt ønske om å samla inn pengar til ein slags kombinert el-sykkel og rullestol som kan nyttast til å gje bebuarane eit annleis turtilbod i frisk luft. Då Laila Reiertsen høyrde om innsamlingsaksjonen, tende ho straks på ideen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er eit utruleg positivt tiltak. Det gjev både bebuarar eit nytt og spanande tilbod og dei tilsette større trivnad på jobben. Når dei tilsette trivst, trivst også dei som bur der, seier Reiertsen, og viser til at denne avdelinga har eit svært lågt sjukefråvær.

Ho føreslår at politikarane i formannskapet på tysdag løyver nokre midlar til føremålet, slik at dementavdelinga får oppfylt ønsket sitt.

Ordføraren høynar med utemøblar

Både Arbeiderpartiets Helge Steinum og Marie Bruarøy (H) synest godt om forslaget, og varslar at dei vil gje si støtte til det på tysdag. Bruarøy seier at det er to alternative måtar å gjera det på.

– Enten kan det takast via formannskapets disposisjonsfond eller så kan me ta noko frå overskotet som skal disponerast i møtet, seier Bruarøy.

Ho legg til at ho har eit eige forslag som vil bli lagt fram i møtet:

– Borte ved det nye leikeområdet ved Lyngheim manglar det nokre møblar. No går me inn i ute-sesongen, og det ville vore veldig fint å få ferdigstilt området no. Både dette og Laila sitt forslag går inn i eit folkehelse-perspektiv, og vil stimulera til meir uteaktivitetar, seier Bruarøy.

ol@osogfusa.no