Det er to og eit halvt år sidan Silje Lygre tok over som senterleiar på AMFI Os. Ho skildrar tida som senterleiar som eit eventyr.
Det er to og eit halvt år sidan Silje Lygre tok over som senterleiar på AMFI Os. Ho skildrar tida som senterleiar som eit eventyr.

Gjer klart for bursdagsfeiring

Laurdag fyller AMFI Os 30 år. Senterleiar Silje Lygre fortel at jubileet skal feirast med stil.

– Vi startar på sjølve dagen med kaffi og kaker til kundane. Maskotane våre Amfelia og Oskar deler ut overraskingar til borna. Dei hundre første kundane kan trekkja lodd og tevla om 30 gåvekort, seier Lygre og legg til:

– Det blir ei feiring laurdag, men det er neste helg sjølve bursdagsfeiringa foregår. Då er det moteshow med Katrine Sørland som konferansier og vi har gåvedryss til kundane. Vi har også ein konkurranse gåande på nettsidene våre. Folk har nominert lag og organisasjonar og kan no stemma på dei ti finalistane. Vi vil til slutt stå att med tre vinnarar som får 10.000 kroner kvar. Røystinga er alt i gang. Neste laurdag er det utdeling av gåvesjekk på senteret.

Artikkelen held fram under annonsen.

Alle dei tilsette på AMFI Os skal laurdag kveld ha si eiga feiring i Oseana.

Auke i storleik og omsetnad

Det har skjedd store ting med senteret sidan det opna i 1988 – den gong som Flåten Senter.

– Det er 19 år sidan senteret skifta namn til AMFI Os. Tida går fort, seier Lygre.

Opphavleg var senteret 12.000 kvadratmeter stort. I 2006 blei det bygd på 5.000 kvm, før senteret blei utvida ytterlegare då Coop Extra kom i 2011.

– Den nyaste utbygginga var i 2016. Då var det Europrisbygget som kom til. Totalt er senteret no 22.000 kvm, seier Lygre.

Det er ikkje berre storleiken på senteret som aukar. Det same gjer omsetnaden.

– Det første året omsette senteret for 100 millionar. 30 år seinare er omsetnaden 580 millionar kroner. Det går jamt oppover, og har gjort det i mange år. Det er sjølvsagt veldig kjekt.

Takkar medarbeidarar og kundane

Det er to og eit halvt år sidan Lygre tok over som senterleiar på AMFI Os. Ho skildrar tida som senterleiar som eit eventyr.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har tidlegare jobba ti år på senteret. Det var utruleg kjekt å koma tilbake – som senterleiar. Det er ein svært allsidig jobb og eg har lært mykje desse siste åra. Det er mange flinke og engasjerte menneske som jobbar her og ingen dagar er like.

– Er du framleis leiar når senteret feirar 60-årsjubileum?

– Det må vera eit mål, seier Lygre og ler.

Senterleiaren ønskjer å takka dei som gjer at AMFI Os kan feira 30-årsjubileum. Nemleg medarbeidarane og ikkje minst kundane.

– Vi har eit godt miljø på senteret. Dei som jobbar her står verkeleg på – og fortener all skryt dei kan få, seier ho og held fram:

– Det er også viktig for meg å få takka alle kundane våre. Lokal handel er viktigare enn noko sinne, og vi er svært takksame for alle som vel å gjera handelen her hos oss på senteret.