(
(

Glatt i Fusa: – Det vi har no, er eit skummelt føre som dukkar opp av og til

Det er spegelglatt i Fusa. – Fire entreprenørar er ute og jobbar, fortel teknisk vakt, Øystein Havsgård.

Mannskapet som er ute i Fusa, skal i skrivande stund vera på plass dei fleste stader kommunen.

– Det er heilt sør i Fusa som let venta på seg, i Nordtveit og området der. I dei andre områda i kommunen skal det no vera strøbilar, fortel Havsgård.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vidare fortel teknisk vakt at dette føret er ekstra skummelt.

– Folk må vera forsiktige. Det kan vera greitt føre på eit strekke, og når ein rundar svingen er det klink is – men ein ser det ikkje.

Det er meldt om eit trafikkuhell i går, elles har ikkje Havsgård høyrd om ulukker.

– Eg såg ein bil som stod på tvers for litt sida, men eg har ikkje høyrd om andre ulukker enn den i går kveld.