Jeanette Kallekleiv skulle sjølv opna butikk torsdag, men rakk ein tur på Stadion Sport i lag med kavaleren tidlegare på morgonen.
Jeanette Kallekleiv skulle sjølv opna butikk torsdag, men rakk ein tur på Stadion Sport i lag med kavaleren tidlegare på morgonen.

God stadionstemning frå tidleg morgon

Eirik Rosendahl og resten av dei tilsette kunne gleda seg over godt med folk under nyopninga av Stadion Sport torsdag morgon.

Klokka 08.00 opna Stadion Sport i sine nye lokale i første høgda i AMFI Os. Sportsbutikken lokka med fleire opningstilbod i høve den store dagen, og publikum var ikkje seine å be.

- Det har vore bra trøkk frå me opna, og me er godt nøgde så langt, sa dagleg leiar Eirik Rosendahl då Os og Fusaposten var innom i halv ni-tida.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lite søvn

Totalt får butikken 570 kvadratmeter å boltra seg på. Det er om lag dobbelt så mykje som dei hadde i lokala sine i andre høgda.

For dei tilsette har dei siste dagane vore svært travle.

- Det var mykje som skulle på plass før opninga, og sjølv no er me ikkje heilt i mål. Eg heldt på lenge i natt, men klokka 04.00 måtte eg berre heim og få meg litt søvn, humrar Rosendahl.

Dagleg leiar Eirik Rosendahl var nøgd med publikumsinteressa torsdag morgon.
Dagleg leiar Eirik Rosendahl var nøgd med publikumsinteressa torsdag morgon.

Kollega Andreas Søfteland vedgjekk at eit par ting ikkje hadde gått heilt etter planen.

- Me skulle flytta ned nokre speil frå dei gamle lokala. Dei gjekk i knas, så no må me tinga nye. Me er ikkje overtruiske, så me reknar med det ikkje vert sju års ulukke, ler Andreas.