Manuel Hofstätter i  BIT 20 percussion er rekna som ein av dei fremste slagverkarane i Europa og jobbar jamleg med internasjonale namn som Martin Grubinger.
Manuel Hofstätter i BIT 20 percussion er rekna som ein av dei fremste slagverkarane i Europa og jobbar jamleg med internasjonale namn som Martin Grubinger.

Heftige rytmar i Oseana

Søndag vitjar BIT 20 percussion Oseana. Konserten er ein del av haustens kammerserie i Griegsamlingen.

- Eg har invitert min ven og tidlegare kollega, slagverkar Manuel Hofstätter, til å setja saman eit variert program, fortel Oseana-direktør Ole Tobias Lindeberg.

Konserten blir med både klarinett og gitar, men med slagverkinstrument i fokus.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Tittelen Percussion Plus Piazolla er meint å reflektera breidda i programmet, fortel Lindeberg.

Hofstätter er opprinneleg frå Tyskland og jobbar til dagen i Bergen Filharmoniske Orkester. Han er rekna som ein av dei fremste slagverkarane i Europa og jobbar jamleg med internasjonale namn som Martin Grubinger.

Hofstätter har med seg musikarane Peter Kates, Owen Weaver, Ola Berg Riser, Håkon Nilsen og Thomas Valeur til søndagens konsert.

- Som bonus kjem også Brother’s Duo som består av Jaroslav og Daniil Letiagin, to unge og lovande slagverkarar.

- Dei skal spela ein duett og blir med på Chromatic Foxtrot, ein ragtime der heile bandet opptrer samla på slutten av konserten, fortel Lindeberg.

jostein@osogfusa.no