Jonas Grill søkjer om serveringsløyve i Exotic Food sitt gamle lokale.
Jonas Grill søkjer om serveringsløyve i Exotic Food sitt gamle lokale.

Her opnar det ein ny restaurant

Thomas Olsen i Bjørnefjorden Invest AS stadfestar at ein leigekontrakt er teikna, og at det blir aktivitet i lokalet under utestaden Empire om ikkje så veldig lenge.

– Det stemmer at det kjem nokon nye inn i lokalet. Dei har skrive under på ein leigekontrakt som strekkjer seg over dei neste ti åra. Dei ser føre seg å opna seinare i sommar, etter ferien ein gong. Noko meir enn det kan eg ikkje seia utan å snakka med dei først, seier Thomas Olsen.

Kake, kjøtt og pizza

I august i fjor opna Exotic Food i lokalet, der Aroydee heldt hus før dei. Exotic Food fekk ikkje hjula til å gå rundt, og gav seg etter berre nokre få månader i drift, og sidan har lokalet stått tomt. I postlista til kommunen kan ein sjå at det er Jonas Grill som no søkjer om serveringsløyve. Os & Fusaposten har ikkje lukkast i å få kontakt med dei, men i søknaden skriv dei om seg sjølve og ein får eit inntrykk av kva mat dei ønskjer å servera. Dei nemner kaker, bakverk, påsmurt mat, salatar, varme rettar som pasta, pizza, kjøtt, fisk og kebab.