Garnbutikken Spøt opnar på AMFI-senteret kring påske.
Garnbutikken Spøt opnar på AMFI-senteret kring påske.

Her opnar ein konkurrent til Strikkebutikken i Os sentrum

Etter påska kan strikkeentusiastar nøsta etter garn på AMFI Os.

– Med våre 45 kvadratmeter blir vi ein relativt liten butikk, men det er god takhøgd, så vi skal likevel få plass til mykje, seier ein av eigarane, Arne Hansen.

Stor etterspurnad

Den nye butikken kjem til å heita Spøt.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi kjem til å selja garn, hovudsakleg, men også litt utstyr, seier Hansen, som i tillegg til garnbutikken som kjem, har to frisørsalongar på senteret.

– Kva er det som gjer at du no skal starta ein garnbutikk?

– Eg har fått mange tilbakemeldingar frå kundar om at det er noko dei saknar på senteret. Eg har lyst til å prøva, då etterspurnaden verkar vera stor, seier Hansen.

Gode hjelparar

Eigaren blir nok ikkje å sjå mykje i butikken, for garn har han ikkje særleg peiling på.

– Eg kan ikkje så mykje om bransjen, men der får eg god hjelp. Det er slik eg har gjort det kvar gang eg har starta opp. Det er berre å driva fornuftig, så går det bra. Det er mitt inntrykk. Ikkje minst må ein passa på å ha flinke folk kring seg.