Dei 22 musikantane i Os Skulekorps stod for ein fantastisk prestasjon då dei vann 2. divisjon for janitsjarkorps under NM i Larvik.
Dei 22 musikantane i Os Skulekorps stod for ein fantastisk prestasjon då dei vann 2. divisjon for janitsjarkorps under NM i Larvik.

Historisk siger til Os Skulekorps

Os Skulekorps har utvikla seg enormt denne sesongen. Etter Hordablesten avanserte dei til 2. divisjon. Laurdag kveld vann dei janitsjar-klassen i NM.

– No er eg heilt utmatta. Dette har vore ein fantastisk dag for underteikna, musikantane og heile Os-delegasjonen her. Korps-elevane har gjort ein strålande innsats og me har krona det heile med NM-gull, konstaterer ein lettare rørt dirigent, Marius FevangThorstensen seint laurdag kveld.

Osingane starta årets sesong i 3. divisjon, men vart kjapt sendt opp i 2. divisjon etter god innsats i Hordablesten i april. No laurdag viste dei seg verkeleg verdig 2. divisjonsplassen. I konkurranse med åtte andre korps vann dei 2. divisjon etter solid musikalsk innsats i Bølgen kulturhus i Larvik.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dedikert gjeng

Os Skulekorps består av 22 musikantar i aldaren 11-19 år. Under Marius sin leiing har dei utvikla seg veldig denne sesongen. I NM laurdag føremiddag spelte dei eit ti minutt langt stykke kalla Ross Roy, skriven av Jacob de Haan. Framføringa var så plettfri at ingen andre korps i klassen kunne måla seg. Osingane fekk best skår.

– Eg må berre få skryta av musikantane. Dei er har vore utruleg motiverte og dedikerte denne våren. Ikkje minst viser dei både under øving og konkurranse at dei har det moro. Det trur eg var avgjerande, seier dirigenten.

– Korleis feira de i kveld?

– Det er ikkje så ekstravagant. Me mottok premien no for litt sidan, etter det har me vore på skulen og feira med brødskiver med ost, hehe. Men for all del, stemningen er topp, og me er veldig nøgde, avsluttar dirigent Marius.