annonse

Hjelp Moldova fekk pris frå FN

: - Dette var svært gledelig, seier Hans Bjørn Bakketeig, leiar for organisasjonen Hjelp Moldova.
: Hjelp Moldovas senter for synshemma fekk éin av dei seks utmerkingane for 2016 for ivaretaking av menneskerettar.
: F.v. Tatiana Ghidirimschi, HAns Bjørn Bakketeig og Liuda Yolotco.
: Overrekkinga vart vist direkte på TV i Moldova.

Hjelp Moldovas synssenter i Chisinau har fått pris frå FN i Moldova for "fremragende innsats for sosial inkludering av personer med synshemming på begge sider av Nistru-elven". Overrekkinga vart vist direkte på TV i Moldova.

Jostein Halland

På Den internasjonale menneskerettighetsdagen har FN i Moldova årleg hatt ei tilstelling med utdeling av prisar for menneskerettar. Utmerkingane blir gitt for dei mest verdifulle, innovative, effektive og deltakande tiltak for å beskytta og fremja menneskerettane i Moldova, fortel Ingunn E. Bakketeig, som har sendt oss bilete og tekst frå hendinga.

- I dag kjem vi til å helsa våre vinnarar - organisasjonar og enkeltpersonar - som viste mot og kreativitet og var uthaldande i arbeidet med å fremja menneskerettar i Moldova. Vinnarar som inspirerte mange, og som kan motivera mange fleire, sa Dafina Gercheva, FN og UNDPs representant i republikken Moldova, ved utdelinga i desember.

Svært gledeleg

Hjelp Moldovas senter for synshemma fekk éin av dei seks utmerkingane for 2016 for ivaretaking av menneskerettar.

Ingunn fortel at prisvinnarane vart vald etter ein open konkurranse der 24 søknader vart sendt inn. Kriteria inkluderte kreativitet og engasjement for bevisst å fremja menneskerettar. Tildelingane vart godkjent av eit styre på sek representantar frå FN, institusjonar for menneskerettar og utviklingspartnarar.

- Dette var svært gledelig, seier Hans Bjørn Bakketeig, leiar for organisasjonen Hjelp Moldova.

- At nominasjonen kom frå pasientane og brukarane våre, betyr at dei set pris på og ser kor viktig arbeidet vi gjer er, og at dei med hjelp frå senteret no har høve til å gå på skule, ta ei utdanning, få jobb og delta i det sosiale liv. Utan hjelp ville dei aller fleste ikkje hatt denne moglegheita. I tillegg vil eg berømma dei tilsette ved synssenteret i Chisinau. Dei gjer ein fantastisk jobb.

Verdens helseorganisasjon har eit program som heiter Vision 2020. Det har som mål å utrydda all unødvendig blindheit innan 2020.

- Dette er et viktig arbeidsverktøy for oss og eit mål me strekkjer oss mot, avsluttar Hans Bjørn.


Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på osogfusa.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Os & Fusaposten?

* må fyllast ut