Her har Martine Frotveit Johnsen nett fått høyra at ho ikkje gjekk vidare.
Her har Martine Frotveit Johnsen nett fått høyra at ho ikkje gjekk vidare.

Ikkje blant dei 15 som gjekk vidare

Dommarane i Idol fann ikkje plass til Martine Frotveit Johnsen (17) blant dei 15 deltakarane som gjekk vidare i kveld.

Dei 30 deltakarane som var att i Idol fekk seg ei overrasking i sendinga fredag då gruppa skulle halverast. På den tredje av totalt fire dagar med bootcamp, var dei klare over at dei skulle ha fullt band «i ryggen», men ikkje at det skulle koma eit stort publikum i salen. Dommarane leita spesielt artisteriet og korleis dei presterte på scenen framfor publikum, då dei skulle avgjera kven som skulle vidare i konkurransen. Diverre for Martine, som song «Sugar» av Maroon 5, valte dommarane ikkje å ta ho med vidare i konkurransen.

benjamin@osogfusa.no