Kolliderte med moped og motorsykkel

Tre ungdomar fekk eit ublidt møte med ein bil som skulle køyra av frå Skeisflaten og opp i Skorvane søndag kveld.

– Det gjekk fort. Bilen som kom frå Nore Neset barneskule og skulle svingja av mot Skorvane overheldt ikkje vikeplikta og køyrde rett i ein moped og ein lett motorsykkel, fortel ei jente som var på plassen.

Kvinna som køyrde bilen var naturlegvis ute av seg etter hendinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var veldig leit. Eg skulle svingja opp her, men så kom det ein ned herfrå som tok fokuset. Dermed såg eg ikkje dei som kom køyrande på moped og motorsykkel, fortel kvinna.

Då Os og Fusaposten var på staden, var fleire bilistar på plass og såg til at det gjekk bra med ungdomane. Etter kort tid kom også sjukebil og brannsjef Stein Gjøsund. Ungdomane vart frakta til legevakta for sjekk.