Vil Fusa ha fem kyrkjer og ti gravplassar i Fusa sokn om 10 eller 20 år?
Vil Fusa ha fem kyrkjer og ti gravplassar i Fusa sokn om 10 eller 20 år?

Kva skjer med Fusa sokn, kyrkjer og gravplassar i nye Bjørnafjorden kommune?

Dette er det overordna temaet når kyrkja i Fusa no inviterer folk frå heile kommunen til orienteringsmøte i Eikelandsosen bedehus tysdag.

Det er framleis over eitt år til samanslåinga skjer, men allereie no er det lagt ned mykje arbeid både frå Os og Fusa si side på kyrkjeleg område i førebuingsarbeidet.

I Fusa sokn hadde vi på kyrkjeleg område ei større samanslåing for om lag 20 år sidan då fire sokn vart slått saman til eitt sokn. Denne endringa trur vi dei fleste var godt nøgde med, og for Fusa sokn fekk vi utvikla mykje spanande arbeid dei påfølgjande åra. Her kan t.d. nemnast Fusa Frivilligsentral som Fusa sokneråd er eigar av, og det vart bygd opp masse godt arbeid blant born og ungdom.

Artikkelen held fram under annonsen.

No skal vi gå inn i ei ny tid med samanslåing av Os kommune og Fusa kommune. Som følgje av dette er Fusa sokneråd og Os sokneråd pålagde til å organisera seg annleis. Korleis dette skal skje skal vi gi meir informasjon om.

Vi vil også kome inn på kyrkjestruktur og gravplass-struktur. Vil vi t.d. ha fem kyrkjer og ti gravplassar i Fusa sokn om 10 eller 20 år? Kva er viktig for deg og meg å ha lokalt i soknet vårt i framtida? Vi kjem til å setja fokus også på kyrkjelydsarbeid, dei tilsette og alle dei frivillige medarbeidarane.

Vi skal også kome inn på soknerådsvalet 2019 og at soknerådet vil få endra oppgåver i høve til det dei har i dag.

Er noko av dette aktuelt for deg, vil vi rå deg til å kome denne kvelden. Viser til annonse i papiravisa.

Fusa sokneråd