I starten var det få som stilte spørsmålsteikn med dette, men sakte, men sikkert byrja det å gå opp for folk – særleg busette i Søre Øyane – at det nye alternativet ville få dramatiske konsekvensar både for denne krinsen og for store delar av resten av Os.
I starten var det få som stilte spørsmålsteikn med dette, men sakte, men sikkert byrja det å gå opp for folk – særleg busette i Søre Øyane – at det nye alternativet ville få dramatiske konsekvensar både for denne krinsen og for store delar av resten av Os.

Kven kan stillast til ansvar?

Formelt sett har Os kommune lagt seg flat i denne truleg viktigaste saka for innbyggjarane våre i moderne tid, skriv Egil H. Haugland i Folkeaksjonen mot bru over Bjørnafjorden.

LESARBREV: Fram til 2012 var det stor politisk semje om at framtidig ferjefri E39 hadde ein naturleg og god trase rundt Bjørnafjordbassenget via Tysnes og Fusa. Med eitt vart denne semja endra då sentrale politikarar frå Sunnhordland og næringsinteresser på Stord og i Bergen lanserte ideen om ei teknologisk banebrytande bru over fjorden frå Reksteren til Søre Øyane. Med Statens vegvesen som lydig vitne vart det hevda at eit slikt alternativ kunne realiserast raskare, ville ikkje bli dyrare og gje samfunnsøkonomisk større nytte enn ein vegkorridor rundt Bjørnafjordbassenget.

Ein ville spara 10-12 minutt reisetid mellom Os og Stord, og prosjektet kunne realiserast eitt år raskare (2026) enn dersom ein baserte seg på tradisjonell vegteknologi på ein indre korridor

Artikkelen held fram under annonsen.

Dramatiske konsekvensar

I starten var det få som stilte spørsmålsteikn med dette, men sakte, men sikkert byrja det å gå opp for folk – særleg busette i Søre Øyane – at det nye alternativet ville få dramatiske konsekvensar både for denne krinsen og for store delar av resten av Os.

Det var ikkje det politiske miljøet i Os – med tillitsvalde for innbyggjarane - som ropte varsko. Det politiske fleirtalet – Framstegspartiet og Høgre – som har hatt full kontroll med den politiske utviklinga dei siste 18 åra, syntes å vera fullstendig passive. I staden greidde posisjonen å pressa fram eit fleirtal for fjordkryssing kvar gong planane kom til høyring i kommunestyret.

Sjølv då Os kommune mista retten til sjølv å utarbeida og vedta nødvendige planar for vegprosjektet gjennom kommunen, og det vart gjort eit uvanleg vedtak om å basera arbeidet på ein statleg planprosess, høyrte vi ikkje om den minste protest frå det politiske fleirtalet i Os. Sjølv er eg tilbøyeleg til å meine at posisjonen truleg oppmoda staten på sine kne om å sleppe å ta ansvar for å losa planprosessen gjennom ordinære kommunale organ.

Lokaldemokratiet ut av spel

I den perioden ideen om ei monsterbru over Bjørnafjorden har fått utvikla seg, har Framstegspartiet og Høgre hatt full politisk kontroll i Os, dei same partia har inntil 2015 vore del av posisjonen i Hordaland fylkesting, og har sete med regjeringsmakta i Oslo sidan 2013.

Statens vegvesen (SVV) som frå starten av har tilrådd det midtre alternative med bru over Bjørnafjorden, har difor utan unntak fått grønt lys for å realisera monsterbrua.

På SVV sitt informasjonsmøte den 11. mai fekk ordførar Marie Bruarøy eit spørsmål frå salen om ho trudde at situasjonen i dag ville ha vore annleis om det frå dag 1 hadde vore sterk og nær samrøystes motstand mot å leggja midtre alternativ som grunnlag for ferjefri E39 mellom Stord og Os. Ho svara at det trudde ho ikkje ville ha hatt noko å seia saka.

Med andre ord: Kva det sterke, lokale framstegsmiljøet med støtte frå Høgre ville meina om Hordfast, ville ikkje kunna ha påverka den prosessen vi har vore vitne til dei siste åra. Lokaldemokratiet ville uansett ha vorte sett ut av spel. Sentrale politiske miljø ville uansett ha høvla over meininga til ein sentral kommune som Os dersom vi hadde uttrykt motstand.

Har lagt seg flat

No lar det seg dessverre ikkje gjera å teste ut korleis situasjonen hadde vore dersom eit sterkt og breitt politisk fleirtal – medrekna Framstegspartiet og Høgre – hadde arbeidd og argumentert mot Hordfast via midtre vegkorridor. I staden har storsamfunnet kunna gledd seg over å ha med seg eit umælande politisk fleirtal i ein av dei viktigaste kommunane ferjefri E39 skal gå gjennom mellom Stavanger og Bergen. Formelt sett har Os kommune lagt seg flat i denne truleg viktigaste saka for innbyggjarane våre i moderne tid.

Artikkelen held fram under annonsen.

Berre ein gong vart det tenkt ein ny tanke då ilandføring på Bjørnatrynet vart lansert og vedteke i Os kommunestyre. Den tanken var så livsfjern at den aldri vart teken opp til realiteshandsaming av SVV eller Samferdseldepartementet. Det endrar likevel ikkje på det sentrale her, nemleg at det politiske fleirtalet må ta det fulle og heile ansvaret for at Os kommune fram til no har sett seg sjølv på eit sidespor i denne saka. Heldigvis er det framleis langt fram, og framleis høve for oss i Os å koma langt meir på offensiven. Dette vil eg klårgjera meir i mitt neste lesarinnlegg.

Egil H. Haugland

Folkeaksjonen mot bru over Bjørnafjorden