Eivind Hodneland møtte stengte dører i Oseana-restauranten i solskinet igår. Han forstår ikkje kvifor det ikkje går an å få kjøpt seg mat og drikke i finevêret.
Eivind Hodneland møtte stengte dører i Oseana-restauranten i solskinet igår. Han forstår ikkje kvifor det ikkje går an å få kjøpt seg mat og drikke i finevêret.

– Kvifor held ikkje Oseana-restauranten ope kvar dag i finevêret?

– Vi skulle gjerne, men dei tilsette må ha fri innimellom, svarer eigar Anne Rita Mjelstad.

Fylgjande spørsmål frå Eivind Hodneland i Facebook-gruppa «Oppslagstavlo i Os» har skapt debatt og fått mange «støtteerklæringar»: «Er det noen som har en rasjonell og GOD (!!) forklaring på hvorfor Oseana Kafé holder stengt slike dager som dette?»

Eit bilete av badande i Mobergsvikjo i strålande sommarvêr akkompagnerer biletet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Landa cruise-avtale

Vi tek spørsmålet vidare til eigar Anne Rita Mjelstad.

– Eg forstår godt at han vil vi skal vera opne kvar dag, og eg har sjølv tenkt det sjølv mange gonger denne fine sommaren. Men vi er nøydde til å gje våre tilsett den fritida dei har krav på, og slik det er no, må vi halda stengt mandag og tysdag for å få kabalen til å gå opp.

Mjelstad fortel at Oseana-restauranten landa ein stor cruise-avtale i mai og i løpet av sommarmånadane serverer mellom 3 og 3.500 cruisegjestar som kjem i buss til Os. Det fører til lange arbeidsdagar for dei tilsette.

– Hadde vi visst om denne avtalen i vinter, så hadde vi hatt tid til å få tak i fleire folk på kjøkenet. Men vi stiller høge krav og det tek litt tid å få tak i gode kokkar, forklarer ho.

Løsnar etter fem års drift

Cruisegjestane betyr ein solid oppsving for restauranten. I tilleg har dei mange lukka selskap og ein auke i konferansemiddagar.

–Kva betyr slike avtaler for bedriften?

– Det har alt å seia. Det er ei kjent sak at osingane ikkje er dei som spring mest ut og et middag. Kafèdrifta har meir eller mindre vore eit tapsprosjekt. Difor må vi ta det inn igjen på selskap og andre typar arrangement. Men etter fem års drift ser vi no at det løsnar.

Tilsetja fleire?

– Er det aktuelt å tilsetja fleire slik at de kan halda ope kvar dag?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det kan henda, men då må vi vita at vi har jobb til vedkomande heile året og ikkje berre i sommarsesongen.

–Som sagt, hadde vi visst tidlegare at denne sommaren skulle bli så godt besøkt, så kunne vi ha tilsett folk og planlagt i god tid. Men vi kan ikkje behandla våre tilsette slik at vi beordrar dei på jobb når dei treng å ha fri, seier Mjelstad.

anne-marie@osogfusa.no