Området rundt Koldalsfossen er mest det einaste som er att av det historiske Eikelandsosen. Det er her det meste av nærings- og kulturliv har sitt utspring.
Området rundt Koldalsfossen er mest det einaste som er att av det historiske Eikelandsosen. Det er her det meste av nærings- og kulturliv har sitt utspring.

Lesarbrev: Kulturfabrikk og kultursti ved Koldalsfossen?

Det har i mange tiår vore snakka om at det skulle vore noko gjort med dette området. Og no er tida komen, skriv Vennelaget for Koldalsfossen.

3. mai vart Vennelaget for Koldalsfossen stifta på eit møte i Løo på Helland. 18 personar stilte opp denne kvelden og fekk ein kort historikk ved representant for eigarane av Margarinfabrikken Viking, Franck Andersen. Kulturleiar Erik Vangsnes frå Fusa kommune heldt ei innleiing til ordskiftet og fortalde om ulike moglegheiter og alternative vegval framover.

I første omgang ser me det som mest aktuelt å opparbeida god tilkome til jettegrytene og nedre del av elva og fossen, og å laga ein plan med intensjonar for bruk av det gamle fabrikkbygget.

Artikkelen held fram under annonsen.

Paragraf 1 i vedtektene for laget seier: «Formålet til Vennelaget for Koldalsfossen er å ta vare på og vidareutvikla området rundt Koldalsfossen. Me vil i dette området skapa eit miljø for sosial og kulturell vokster for folk i Eikelandsfjorden og i Fusa kommune elles».

I styret sit Elise Forberg Eikeland, leiar, Oddvar Helland, nestleiar, Morten Holmefjord, skrivar og Kumar Eikeland, styremedlem. Varafolk er Jens-Andreas Eliassen og Thomas Helland. Torbjørn Eliassen er valt som rekneskapsførar.

Som fleire framheva på møtet er området rundt Koldalsfossen mest det einaste som er att av det historiske Eikelandsosen. Det er her det meste av nærings- og kulturliv har sitt utspring. Det er i dette miljøet me vil skapa liv og røre. Her kan ein sjå for seg serveringsstad, scene for kortreist og langreist musikk, utstillingar, turisme og mykje meir. I planlegginga av korleis området kan brukast i framtida vil me ha så mange som råd med i prosessen.

Etter dei tilbakemeldingane me har fått forstår me det slik at det er usannsynleg at sitjande kommunestyre vil gå inn for å kjøpa bygget. Det er difor opp til bygdefolket om ein vil at dette skal skje eller ikkje.

Det ideelle hadde vore dersom nokre pengesterke aktørar hadde løyst ut bygget og at det hadde blitt etablert ei stifting som skulle utvikla bygget vidare, både for kulturelt- og kommersielt bruk, det siste med tanke på å finasiera drifta. Eit anna alternativ kan vera å samarbeida med ein eller fleire private aktørar, dersom ein får ein intensjonsavtale med noverande eigar.

For å finansiera ein plan for korleis me ser for oss korleis bygg og kultursti på sørsida av Koldalsfossen kan sjå ut, lanserer Vennelaget ein 4-krunesetel laurdag 26.mai til ein verdi av 400 kr. Setelen vil kunna brukast i utvalde butikkar i Eikelandsosen frå 26. mai til 26. juni. Setelen er også kvittering for medlemskap i vennelaget. Lanseringa skjer på Kommunetunet på Leiro. Det vil bli opning ved ordførar Atle Kvåle, musikk ved Asle Kaldstad og presentasjon av setelen og mannen bak – den slovakiske formgjevaren Matej Gabris. Gabris kjem eins ærend for å vere med denne dagen.

Det har i mange tiår vore snakka om at det skulle vore noko gjort med dette området. Og no er tida komen. Eigarane vil selje margarinfabrikken. Fusa kommune sin områdeplan er under arbeid og bygget syner teikn på akselererande forfall.

Å få realisert denne draumen er ikkje gjort over natta. I tillegg er det ei ståande frase at «i Eikelandsfjorden får dei ikkje til noko som helst», noko som er gjenteke så mange gonger at det blir teke for å vere sant. Då hoppar ein bukk over kunstgrasbane og idrettshallen som sambygdingar stod i bresjen for. Eller for den del Eikelandsfjorden samfunnshus som gode folk fekk i hamn, ikkje utan motstand. Med andre ord – me har gjort det før, og me kan gjera det igjen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Styret i Vennelaget for Koldalsfossen