Lite er sagt om kva inngrepa betyr for Kuventræ-området. Berre éin trasé ligg føre; og den brøytar seg veg gjennom noko av det beste oppvekst- og friluftsarealet i Os med barnehagar, skular, sentralidrettsanlegg, fritids- og næringsområde.
Lite er sagt om kva inngrepa betyr for Kuventræ-området. Berre éin trasé ligg føre; og den brøytar seg veg gjennom noko av det beste oppvekst- og friluftsarealet i Os med barnehagar, skular, sentralidrettsanlegg, fritids- og næringsområde.

Lesarbrev: Nei til firefelts motorveg i Kuventræ-området

I 2019, kven plasserer ein firefelts motorveg midt mellom barnehageungar på tur, syklande skuleelevar og unge fotballspelarar, friidrettsutøvarar og roarar, spør MDG.

Mykje er sagt om monsterbrua over Bjørnafjorden, og dermed har det kome i bakgrunnen at også på land blir det massive øydeleggingar av det store vegprosjektet. Brua blir ført i land i Øyane, og så skal det byggast motorveg vidare nordover gjennom Os.

Lite er sagt om kva inngrepa betyr for Kuventræ-området. Berre éin trasé ligg føre; og den brøytar seg veg gjennom noko av det beste oppvekst- og friluftsarealet i Os med barnehagar, skular, sentralidrettsanlegg, fritids- og næringsområde. Firefelts motorveg og oppvekstområde – smak litt på den kombinasjonen. I 2019, kven legg eit gigantisk, støyande veganlegg midt mellom barnehageungar på tur, syklande skuleelevar, fotballspelarar og friidrettsutøvarar? Slutta vi ikkje med slik «samfunnsplanlegging» for fleire tiår sidan?

Artikkelen held fram under annonsen.

MDG har – stort sett utan respons – etterlyst informasjon om kva som skjer langs den nordlege delen av traseen når anleggsarbeidet med ferjefri E39 startar, og ikkje minst når vegen vert tatt i bruk. Trass i gjentekne førespurnader frå Nils-Anders Nøttseter, førstekandidaten vår, er det framleis ikkje drøfta alternative trasear for Moberg/Kuven/Kolskogen. Ingen visualiseringar er komne på bordet. MDG meiner det er på høg tid at også denne delen av Hordfast blir diskutert fritt og ope. Alle dei som bur i desse områda må få vita kva planar vegvesenet har, korleis utbygginga og naboskapet med det enorme vegsystemet vil arta seg og kva alternativa er.

Vi i MDG er heilt krystallklare på at Hordfast er overdimensjonert og utdatert – og har sagt nei til prosjektet sidan dag 1. Vi er ikkje villige til å byta trygt oppvekstmiljø og sårt tiltrengde natur- og rekreasjonsområde mot nokre minutt i spart reisetid. Vi kjem til å kjempa med nebb og klør for at det skal vera trygt og godt å veksa opp i Os – også for komande generasjonar.

Marie Hauge

Nils-Anders Nøttseter

Miljøpartiet Dei Grøne Bjørnafjorden