Lysekloster fekk mykje å jubla for borte mot Førde. Med solid 4-0-siger toppar dei no tabellen.
Lysekloster fekk mykje å jubla for borte mot Førde. Med solid 4-0-siger toppar dei no tabellen.

Lysekloster til topps på tabellen

Etter ein sterk 4-0-siger borte mot Førde er Lysekloster A-lag serieleiar i 3. divisjon avdeling 4.

På ein humpete og tørr grasmatte vart det krigefotball mot Førde laurdag. Men laget frå Lysefjorden viste seg å meistra også dette.

– Eg er utruleg nøgd med korleis spelarane takla å spela mot eit defensivt og fysisk Førde-lag. Me viste at me også kan kriga, seier trenar Ruben Hetlevik.

Artikkelen held fram under annonsen.

Heilt på tampen av første omgang kom kampens første mål.

– Kristoffer Østervold vart drege ned av Førdes keeper. Deretter fekk me straffe, medan keeperen deira korrekt vart vist ut, fortel Hetlevik.

Kaptein Espen Birkeland sette balen i mål. Dermed stod det 1-0 til Lysekloster til pause.

Perle frå Vladan

Etter kvilen fekk Lysekloster litt meir fred til å spela ball, men Førde kjempa framleis hardt.

– Det var ein tøff kamp, men gutane våre jobba steinhardt og fekk etter kvart meir løn for strevet. 2-0-skåringa var ein perle av Vladan Radojkic der han lima ballen i krysset. Etter dette var det Ole Thomas Herrem sin tur, før Joakim Helland avslutta med å ordna 4-0 på frispark, fortel trenaren.

Ettersom Sotra tapte 4-2 borte for Varegg er dei kvit-blåe no i toppen av tabellen. Lysekloster har 15 poeng på seks kampar og har solide 15-7 i målskilnad.

– Dette var ein fin opplading til cup-kampen mot Brann på onsdag. No gler me oss veldig til den, og håpar at me kan gje dei hard kamp om avansement i cupen, seier Hetlevik.

Lyseklosters neste seriekamp går heime neste søndag mot Ålesunds-laget Herd.