annonse

Må melda avbod til Osfest grunna sjukdom: – Eg var innstilt på å koma i rullestol, men det blir vanskeleg å ta med heile senga

Skal operera
Skal operera: Geir-Magne Jonsen Moberg sin operasjon blei utsett grunna blodpropp. Det gjer at han og resten av The Untouchabl(ues) ikkje blir å sjå på scenen under årets Osfest. (Foto: Privat)
Erstattar
Erstattar: Waterwagon erstattar The Untouchabl(ues) på Osfest 2019. (Foto: Presse)

Geir-Magne Johnsen Moberg er råka av kreft for andre gong på ti år. Han var likevel innstilt på å stå på scenen – heilt til operasjonen blei utsett.

Benjamin Søgnen Olsen

– Det blir ikkje nok tid å koma seg på. Operasjonen er no sett til 17. juli. Eg har ikkje sjanse, seier Moberg.

– Det var eit mål å stå på scenen

Det gjer at The Untouchabl(u)es ikkje blir å sjå på scenen under Osfest 2019.

– Vi er på det meste 16 personar på scenen. Mykje er bygd opp kring meg, slik at det blir vanskeleg utan at eg er med, seier Moberg og held fram:

– Det er utruleg kjipt å ikkje ta del i Osfest i år. Eg hadde gledd meg stort. Det var eit mål for meg å klara å stå der, og det er ein stor nedtur at det ikkje blir noko av. Helsa er det viktigaste. Vi skal spela mykje meir seinare. Eg skal bli frisk av dette.

Operasjonen blei utsett grunn blodpropp

Moberg var innstilt på å koma i rullestol, men han seier at det blir vanskeleg å koma med heile senga. I 2009 fekk Johnsen blærekreft. Ti år seinare, skal han operera bort ein svulst i foten.

– Det går for så vidt bra med meg. Eg er ferdig med det alt som skal gjerast før operasjonen – cellegift og stråling – for å få ned svulsten. Vi hadde tima det slik at eg kunne vera med på Osfest, men så blei operasjonen utsett grunna blodpropp i lunga. Då blir eg ikkje operert før 17. juli, seier Johnsen og legg til:

– Eg håpar at det blir ein bra Osfest. The Untouchabl(u)es satsar på å vera del av programmet i 2020.

Waterwagon som erstattar

Inn for The Untouchabl(u)es, kjem andre lokale artistar i Waterwagon. Dei spelar sjølvkomponerte låtar med innslag av kjende coverlåtar, for å laga god stemning på Osfest. Festivalsjef Tor Egil Hylland er godt nøgd med erstattaren.

– Det er sjølvsagt trist at The Untouchabl(u)es ikkje kan spela i år. Dei er eit lokalt band som er god kjend blant vårt publikum. Men sjukdom er ikkje noko vi kan styra over, diverre, og Waterwagon er eit veldig bra liveband med dyktige musikarar, som eg er sikker på at vil få opp stemninga til same nivå.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på osogfusa.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Os & Fusaposten?

* må fyllast ut