I går kveld vart ein person frakta ned frå Borgafjell.
I går kveld vart ein person frakta ned frå Borgafjell.

Måtte berast ned frå Borgafjell

Ein fotgjengar fall og slo seg på veg opp mot fjelltoppen i går kveld. Helsepersonell og brannvesen bar han ned på båre.

Det var rundt kl. 21 i går kveld at kommunens first responder-team fekk melding via naudnettet om at ein person ikkje greidde å ta seg ned att frå Borgafjell for eiga maskin.

– Vedkomande greidde ikkje å gå sjølv etter å ha falle og slått seg. Ambulanse og brannvesen rykte ut og gjekk opp til staden - halvvegen opp til fjellet, fortel vakthavande ved Os beredskapssenter.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter å ha frakta vedkomande ned på båre, vart det konstatert at det ikkje var snakk om alvorleg skade.