annonse

Melde frå om mistenkjeleg bil

: ( (Foto: Arkiv)

Politiet har patruljert i Hegglandsdalen etter at ein som bur i området melde frå om ein mistenkjeleg bil.

Benjamin Søgnen Olsen

Det at ein ukjend bil dukkar opp i nabolaget treng ikkje vera noko spesielt, men at same bil dukkar opp to gonger på kort tid, på ein veg utan gjennomkøyring, gjorde at politiet ville sjekka det ut.

– Melder fortel at ein kvit bil, ein Caddy, luska rundt i Hegglandsdalen. Det er ikkje meldt om at nokon har stole noko. Det er berre ein observasjon. Det er ikkje gjennomkøyring der meldar bur og dermed ikkje naturleg at nokon skal køyra inn til huset. Politiet reiste dit for å patruljera, fortel politioverbetjent, Thomas Juulseth og legg til:

– Det er flott at folk er observante og passar på.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på osogfusa.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Os & Fusaposten?

* må fyllast ut