Sigrid Tvedt hadde eit stort hjarte som banka hardt og utan dom og fordommar for nokon.
Sigrid Tvedt hadde eit stort hjarte som banka hardt og utan dom og fordommar for nokon.

Minne over Sigrid Tvedt: Ho tok fordomsfritt i mot menneske og var der for dei

Det kom som eit sjokk då eg fekk høyra at Sigrid Tvedt var død. For ingen eg kjenner var meir full av liv enn ho.

Ho hadde eit stort hjarte som banka hardt og uten dom og fordommar for nokon. Eg har hatt gleda av å kjenna henne lenger enn eg sjølv kan hugsa. Eg var liten då eg fyrste gong var med mor mi på besøk til Berit, og det betydde og til Sigrid. Det er nokre år i mellom oss, men Sigrid tok seg av små knottar som meg. Ho var den fyrste eg hugsar å modelera saman med, sjølv om modelering alltid foregjekk heime i huset hos oss. Eg fekk sitja med kjøkkenbordet i lag med Sigrid for å laga trolldeig. Det er eit av mine største barndomsminne.

Sigrid hadde og ei stor innbunden Disneybok som ho hjalp meg å lesa. Då eg vaks til, var det å gå innom Sigrid for ein preik, kjøpa hobbyting til ymse stunt eller bare kjøpa nokre leiker. For leiker treng ein vaksen mann. Samtalane med Sigrid var alltid gode og mangslungne. Både ho og eg var engasjert i mykje, og det vart drøfta med entusiasme.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sigrid var ei eg kunne gå til om eg hadde ein idé. Ho hadde prøvd rimlig mykje innan mitt felt. Då Frode og eg starta vårt rare danseband, var Sigrid vårt femte medlem. Ho supplerte våre småtussete idear med entusiasme. Eg hadde nokre år i ungdomsarbeidet, ho og hadde det, og eit liv som brann for alle rundt seg. Ho var alltid på veg ein plass for å hjelpa eller møta folk. Uansett kor dårlig tid ho hadde så hadde ho tid til deg, ho sette av den tida. Ho gav alltid av det ho hadde om nokon trengte det.

Eg og ho hadde ein avtale, når eg gjorde eit stunt som hadde inngangspenger, skulle ho hjelpa meg med å fordela det der det trengtes, og det gjorde ho. Om ho trong noko av meg tilbake, visste ho at eg gledeleg bidrog med det eg kunne. Ho var eit av dei rausaste menneska eg har kjent, men ho var ikkje interessert å høyra det. Ho ville ikkje ha fokus på seg.

Eg prøvde ein gong å få noko presse på eit prosjekt ho heldt på med då eg trudde det ville hjelpa. Det blei ikkje noko av den saka. Ho ville ikkje stikka naso fram og meinte det tok fokus frå det ho gjorde på.

Eg veit ho var der for mange. Ho tok fordomsfritt i mot menneske og var der. Mennesker som berre er der for deg er sjeldan. Eg veit og at ho av og til kjende på bygdadyret av den grunn. Ho tillèt aldri bygdadyret ein plass heime hos seg. Ho heldt fram med det ho gjorde på sitt vis, med eit stort hjarte for dei rundt seg.

Dei siste åra har me mest møttes på butikkar i sentrum med ein god preik om at me snart måtte få oss tid til å ta ein kombinert kaffi og Pepsi. Eg kaffi og ho Pepsi. Det blei for få av dei. Så no sit eg her og minnes og savnar ein god venn som eg var veldig glad i. Ei som har vore med og forma meg og veldig mange rundt meg med sin varme. Ho var ei av dei som gjorde verda og nærmiljøet til ein vakrere plass.

Eg er umåtleg takknemleg for at eg har fått lov å kalla meg hennar venn.

Tusen takk, Sigrid, for den du var!

Din venn Vidar Bratlund-Mæland