Morten Abel avslutta fredagsprogrammet på Osfest i 2015.
Morten Abel avslutta fredagsprogrammet på Osfest i 2015.

Morten Abel kjem til Osfest igjen

For tre år sidan stod Morten Abel på scenen på Osfest. Til sommaren er den store, norske poplegenden igjen ein del av programmet.

– Abel er ein populær artist. Han skal på turne i 2018 som startar i mars, og han kjem med eit nytt album på norsk, seier primus motor for Osfest, Tor Egil Hylland.

Då Abel var på Osfest i 2015, avslutta han fredagsprogrammet. Han gjekk på scenen etter Gabrielle.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var bra med folk på Osfest då Abel spelte, men i etterkant ville vi kanskje gjort om på rekkefølgja på dei to. Difor kjem han i år til å gå på scenen mellom klokka ni og før klokka tolv på laurdagen. Han er med andre ord ikkje sist ute på scenen.

Stavanger er godt representert

Så langt er Stavangerkameratane og Morten Abel stadfesta til Osfest neste år.

– Har de fått Stavanger-rabatt?

Morten Abel kjem med nytt album i 2018, og startar på turne i mars.
Morten Abel kjem med nytt album i 2018, og startar på turne i mars.

– Vi held oss inne med siddisane. Får vi ikkje bergensarane til å koma, så kjem i alle fall siddisane, seier Hylland og ler.

– Vi skulle gjerne hatt fleire frå Stavanger også. Det er mange flinke musikarar derifrå.

Hylland har brorparten av programmet for neste års festval klart. Desse vil han sleppa med jamne mellomrom.

– Vi har eit mykje lågare artistbudsjett enn i fjor, men eg føler ikkje at det har gått utover kvaliteten. Vi har fått mykje for pengane, seier Hylland.

VIP-teltet er tilbake

I fjor fjerna dei VIP-teltet frå Osfest. Det er tilbake i år, men no på grusbanen i staden for utanfor Kløvertun. Dei sel også eigne ungdomsbillettar til ungdom i alderen 14–18 år, medan born og unge under 13 år, kjem inn gratis.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi hadde ungdomspass eitt år, men då flagga vi det ikkje. Det er ikkje noko som alle har. Vi gjer ein del tiltak for å gje litt attende for stønaden vi får.

Hylland håpar at publikum set pris på festivalane dei har levert så langt.

– Teknisk har vi levert kvart einaste år. At nokon er glade for ein artist, og nokon for ein annan – slik vil det alltid vera. I år var det god stemning og programmet blei godt motteke. Det var også god stemning blant ungdom. Det håpar vi sjølvsagt at det blir i 2018 også, seier Hylland.