Marie Bruarøy er ikkje glad for alt som er blitt skrive og sagt om ho i brusaka.
Marie Bruarøy er ikkje glad for alt som er blitt skrive og sagt om ho i brusaka.

Nilsen var der for å orientera

At Tom-Chriter Nilsen stilte på infomøtet, var utelukkande for å orientera om NTP, samt svara på spørsmål som publikum måtte ha rundt innhaldet i denne, skriv ordførar Marie Bruarøy.

Svar på lesarinnlegg i Os&Fusa-posten 13.5.17 frå MdG Os, Os Sp, Os V, KrF Os og TvS.

I forbindelse med tidlegare folkemøte/informasjonsmøte vedr. E39–Hordfast, har det vorte reist kritikk mot arrangøren, Statens Vegvesen, for at det har kome for lite informasjon, samt at det har vorte stilt ein del politiske spørsmål som ein ikkje kan adressera SVV. Med denne kritikken i minne, ynskte både SVV og Os kommune å leggja til rette for at mest mogleg utfyllande informasjon vart gitt i infomøtet som vart halde i Oseana torsdag 11. mai.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tom-Christer Nilsen har, som statsekretær i Samfedsledepartementet, vore sentral i arbeidet med Nasjonal Transportplan (NTP) som vart framlagt 5.apil i år. Vi set pris på at han kunne koma til Oseana denne kvelden for å gje dei frammøtte ei innføring i prioriteringane i NTP, og faktaorientera om det som står omtalt rundt E39-Hordfast, trass i at han nyleg gjekk ut i foreldrepermisjon. Nilsen vart sjølvsagt invitert i samråd med arrangøren då han innehar stor kjennskap til innhaldet i NTP. Innhaldet og prioriteringane i NTP er grunnlagsdokumentet som gir føringar for det vidare arbeidet til SVV, og vi ansåg dette som eit naturleg tema å innleia med. Det var også anledning å stilla spørsmål til Nilsen, noko fleire nytta seg av.

At Nilsen stilte på infomøtet, var utelukkande for å orientera om NTP, samt svara på spørsmål som publikum måtte ha rundt innhaldet i denne. Relevant faktainformasjon, slik eg vurderer det, kan neppe karakterisast som «eit forsøk på maktdemonstrasjon».

Marie E. L. Bruarøy

Ordførar Os kommune